Eid vidaregåande skule
Elevane i økonomifag vg2 på bedriftsbesøk hos Alti Nordfjordeid

FAGDAGAR PÅ ØKONOMIFAG VG2 STUDIESPESIALISERANDE

Dei to siste fagdagane har elevar og faglærar i økonomistyring vg2 nytta til bl.a. bedriftsbesøk til to bedrifter på Nordfjordeid. Fyrst var dei på besøkt til Gro Gjerdevik og Alti Nordfjordeid, deretter gjekk turen til Sparebanken Sogn og Fjordane som også held til i nytt lokale på kjøpesenteret Alti. Her kjem eit lite samandrag frå desse besøka.
 

 

Galleri

Bilde1
Bilde3
Bilde4
Bilde5

ALTI NORDFJORDEID
Senterleiar Gro Gjerdevik, som no i ein periode også er leiar for Alti Førde, tok godt i mot oss trass ein svært hektisk kvardag. Vi set stor pris på at bedriftene tek i mot oss og at vi får innsyn i korleis økonomifaget kan nyttast i arbeidslivet på ulike måtar. Gjennom desse besøka får elevane god forståing for korleis mykje av det vi jobbar med i klasserommet vert nytta i praksis ute i arbeidslivet. I tillegg er det fint for dei lokale bedriftene og verte kjende med elevane som i framtida kan verte ein ressurs for næringslivet her i Nordfjord.
Elevane var spent på kvifor kjøpesenteret hadde skifta namn frå Amfi til Alti og fekk sjølvsagt historia bak dette, og eigarskifte. 

Det var også svært interessant å få sjå omsetningsrapportar frå dagane i sommar då Eid fekk besøk av cruiseskip. Elevane fekk sjå at for butikkane på Eid er den auka turismen absolutt med på å gje dei eit betydeleg større sal. I tillegg fekk vi sjå kor tid på dagen det var flest kundar innom senteret, dette måler dei ved ein «teljar» som er montert i døropninga. 
Fordelen for butikkane som er i Alti er at dei gjennom å betale ein felleskost får utført ulike tenester som rydding av fellesarealet og andre førefallande oppgåver. I tillegg betalar butikkane 1% av omsetninga si i eit marknadsføringsbidrag som skal lønne senterleiar, kampanjar, flagg/merch m.m.
Alt i alt lærte vi mykje om korleis det er å drive eit kjøpesenter, og vi takkar for nok eit vellukka bedriftsbesøk.

Sparebanken Sogn og Fjordane
Vårt neste besøk gjekk til den lokale banken Sparebanken Sogn og Fjordane. Vi vart godt tekne i mot av alle tilsette på kontoret på Nordfjordeid. Ann-Serine Hagen og Helge Høvik på personmarknad, Svein Petter Starheim  på bedriftsmarknad og Kristin Heggen på forsikring. I tillegg fekk vi innsyn i litt av det eigedomsmeklar Sissel Anett Halnes jobbar med.

Elevane fekk fyrst høyre litt om kva tilbod banken har opp mot privatpersonar, og korleis dei jobbar med eksisterande kundar. I tillegg fekk elevane kjennskap til kva krav som vert stilt når ein skal ut på lånemarknaden som ung. Vidare  fortalde Kristin oss om ulike typar forsikringar og kvifor dette er viktig, også om kva konsekvensar det kan få for økonomien vår om ulukka er ute og ein ikkje er forsikra.

Svein Petter som jobbar opp mot bedrifter fortalde korleis ein jobbar som bedriftsrådgjevar i banken, både den daglege oppfølginga og finansiering av større prosjekt. Kjennskap og kunnskap til marknaden lokalt er særs viktig i jobben. Sparebanken Sogn og Fjordane er ein lokalt forankra bank som gjev tilbake til lokalsamfunnet i form av støtte til ulike lag og organisasjonar. Vi fekk også høyre om ulike store, lokale prosjekt som banken er inne og finansierer. 
Eit lærerikt og spennande besøk!

Tusen takk for tida som er sett av til oss 😊 

Helsing Renate og elevane på vg2 økonomifag

Tips ein ven Skriv ut