"På reis" heiter utstillinga som elevane på Interiør og utstillingsdesign har laga i samarbeid med Nordfjord folkemuseum

«På reise»

Det heiter utstillinga som elevane på Interiør og utstillingsdesign har laga i samarbeid med Nordfjord folkemuseum. Utstillinga står på Nordfjord Folkemuseum frå 24. mars til 2. juni. Museet held også ope i påska frå 18.–21. april for dei som ynskjer å få med seg utstillinga då.

Galleri

plakat på reis

Elevane har skrive tekstar, leita fram gjenstandar og planlagt utstillinga, som er ein viktig praktisk del av elevane si utdanning, og det er tredje året skulen samarbeider med Nordfjord Folkemuseum.

Kva pakkar du tinga dine i når du skal på helgebesøk, sydenferie eller du regelrett flyttar? Og korleis var dette før? 

I utstillinga kan ein sjå både skipssekkar, amerikakoffertar, reisekister og meir nymotens reisevesker. Samstundes presenterer elevane fleire historier om eldre familiemedlemmar sine forhold til reiser.

Personlege historier
For museet er amerikareisene som mange nordmenn la ut på kring 1860 og framover, eit naturleg emne å syne gjenstandar frå. For mange tvang utvandringa til Amerika seg fram på grunn av fattigdom og von om ei betre framtid. Parallellen til samtida der mange menneske kring om i verda er på flukt frå krig, fattigdom og undertrykking er lett å sjå, og noko elevane også har merka seg. Og to av elevane bak utstillinga har sjølve slike historier tett på. Naram Samman frå Syria og Khadra Mohammed Ahmed frå Somalia vil fortelje meir om deira familiar sine store reiser.

Tips ein ven Skriv ut