Eid vidaregåande skule
Bursdagsfest i Operahuset Nordfjord/Eid vidaregåande skule

BURSDAGSFEST

Tiårsjubileet til Operahuset Nordfjord blir feira i heile år. Det første arrangementet som var i Operasalen var symbolsk nok skulemusikalen Grease. 

Sidan har skulen og Operahuset hatt tett samarbeid i mange produksjonar og på mange andre områder. Skulen si store 10-årsjubileumsforestilling var Oklahoma! I tillegg hadde russen ein strålande forestilling som tok for seg mykje som har skjedd i Operahuset desse 10 åra. 
 
24. – 28. april inviterer vi til folkefest fem dagar til ende. Sjå vedlagde program her: http://www.operahuset.no/operahuset/program/bursdagsfest-operahuset
 
Også Eid vidaregåande skule jubilerer! Etter å ha venta sidan vedtaket i 1992, vart det endeleg samlokalisering i 2009. Mykje vart bygd og resten vart pussa opp, så alle fekk «ny» og fin skule. Mange tusen elevar har gått her sidan 2009, og elevane har vore stolte av skulen sin og teke godt vare på han.
 
Fredag 26. april kl 12.00 er alle elevar og tilsette hjarteleg velkomne til bursdagsfeiring med kakefest og lunsjkonsert i foajeen / kantina! Det blir sjokoladeplatekake, sjølvsagt - slik det passar i ein tiårsbursdagsfest! Sopranen Mirjam Myklebust og pianisten Erlend Os, begge opphavleg frå Eid, held ein kort konsert mot slutten av lunsjpausen.

 

Tips ein ven Skriv ut