Eid vidaregåande skule
Magnhild fortel om husflid

Magnhild fortel om husflid

Besøk av husflidkonsulenten i Sogn og Fjordane, Magnhild Runde

Fredag 29.oktober 2021 hadde Handverk, design og produktutvikling besøk av Magnhild Runde, som er husflidkonsulent i Sogn og Fjordane.

Galleri

IMG_6363
Demonstrasjon av kløyving
IMG_6366
Elev, Caroline, prøver seg
IMG_6372
IMG_0615
Spikking
IMG_6373
Det liknar på noko
IMG_6359
Bark til kolrosing
IMG_6374
Demonstrasjon av kolrosing
IMG_0624

Magnhild starta med å fortelje litt om kva Husflid er, og kva det ein gong var. Vi fekk eit lite historisk innblikk i utviklinga til Husfliden, og kva det har betydd og kva det betyr for oss no. Ho snakka om sine arbeidsoppgåver og tipsa litt om kva ein kan gå vidare på innan handverksfag anten no eller når ein blir eldre.

Etter ei teoretisk økt fekk vi prøvd oss på skikkeleg handverksarbeid. Elevane starta med å sage til bjørkeemne for så å kløyve dei i 16 bitar. Deretter spikka dei seg kvar sin smørkniv og nokon fekk spikka seg ei hårnål i tillegg. Vi fekk informasjon om kva kolrosing er, og det vart testa ut på smørknivane som vart produsert. Kolrosing er ein dekorteknikk der ein rissar ned spor i treverket med ein kniv, så tar ein støv frå furu-bark som ein har pussa av og gnir nedi. Til slutt tar ein parafinolje oppå som framhevar dekoren.

Det var eit veldig kjekt besøk og vi stod igjen med nye erfaringar innan trearbeid.