Eid vidaregåande skule
Fellesbilde 2

Bedriftsbesøk hjå Accountor Nordfjordeid

Denne veka har elevane som tek økonomi og leiing som programfag, vore på bedriftsbesøk hjå Accountor.

Galleri

Hilde og Bjørn Tore 1

Elevane på økonomi har hatt eit ønskje om å besøke ei bedrift der ein arbeider med faget rekneskap og dei føreslo sjølve Accountor på Eid. Dagleg leiar Hilde Langtangen synes også dette var ein god ide, og tysdag 5.oktober tok vi turen til dei fine lokala deira i Eidsgata 33. Med seg til besøket hadde Hilde tidelgare elev ved Eid vidaregåande skule, Bjørn Tore Furnes, som har utdanna seg innan økonomi og jobbar no i Accountor.

Elevane fekk ein god presentasjon der dei fekk eit godt innsyn i faget og korleis faget har utvikla seg siste tida, og ikkje minst kor viktig teknologien har blitt. Vi fekk også lære at Accountor er eit konsern ein finn i 7 land med finske eigarar. I Noreg er det kring 70 Accountorkontor, og landet er delt i region nord og sør. Hilde fortalde vidare at dei nyleg har vore gjennom ei reorganisering av bedrifta der dei har oppretta reine rekneskapsteam og kundeteam. Det betyr at nokre sit og fører rekneskap, medan andre tek seg av kundekontakten. Elevane fekk også kjennskap til at det er eit skrikande behov for landbruksøkonomar framover, dette fordi det er mange eldre kundar på dette området og ein treng nye krefter inn som kjenner dette fagfeltet.

Bjørn Tore snakka ein del om utdanning og kva vegar ein ta dersom ein vil jobbe i for eksempel ei bedrift som Accountor. I tillegg kva ulike yrker som opnar seg når du utdannar deg som økonom. Elevane vart overraska når han fortalde at arbeidsdagane var varierte og fleksible, det var både kontordagar og dagar der ein møtte kundar ute hos kunden.

Vi var einige om at vi fekk eit positivt inntrykk av bransjen og at vi fekk ny kunnskap om dette yrket som vi tek med oss på vegen vidare.

Hilde forklarte også at å leie ei bedrift som er i ein bransje i så stor endring er ekstremt krevjande, og at dei går spennande tider i møte der teknologi vert ein viktig del av kvardagen.

Vi takkar for eit lærerikt bedriftsbesøk!

 

Helsing

Elevar og lærar Renate