Handygjengen UB. Foto: Sigrun H. Leivdal

Handygjengen UB. Foto: Sigrun H. Leivdal

Andre plass i til Handygjengen UB frå Eid vgs i Ungt Entreprenørskap sitt Fylkesmeisterskap 2021

I går tysdag 16. mars, gjekk den største entreprenørskapsfesten på vestlandet nokon gong av stabelen. Over 1000 elevar, 100 næringslivsaktørar og nærare 100 lærarar tok del på Ungt Entreprenørskap sitt fylkesmeisterskap 2021. Handygjengen UB frå Eid vgs kom på  andre plass i kategorien beste yrkesfaglege bedrift i dette meisterskapet.

Galleri

Produkt laga av Handygjengen UB. Foto: Kari-Lise E. Solheim
Produkt laga av Handygjengen UB. Foto: Kari-Lise E. Solheim

Handygjengen ub består av elevane som i år går på det som til neste år vil heite Interiør og eksponeringsdesing. Her får elevane ein god del reelle oppdrag som gjer at dei får god kjennskap til yrkesutøvelsen i faget sitt. Dei har i år ungdomsbedrifta Hendygjengen ub som har mottoet :

«Handy med handygjengen. Vi er opne for tjenestar, masseproduksjon og bestillingar. Vi er freelancebedrifta for deg. Vi frå interiør og utstillingsdesign VG2 ved eid VGS er klare for oppdrag frå dykk. Interiør, redesign, tekstiltrykk, profilering, logodesign og utsillingsdesign er nokre av områda vi går rundt. Men for oss er ingenting umogeleg!»

Grunngjevinga frå juryen var:  Bedriften har engasjerte tilsette som bruker fagterminologi på en god måte, noe som viser stor grad av yrkesstolthet. At HMS arbeidet ble tatt på alvor var også et viktig poeng for juryen. Produksjonen har stort mangfold og bedriften klarer å tilpasse seg kundens behov på en god måte. Bedriften er i stor grad tilknyttet lokalsamfunnet og har egen nettside.

 

Vi gratulerer!

 

Nettsida til bedrifta:

https://handygjengenub.wixsite.com/website?fbclid=IwAR2oLZez0iQgT1aEHYOXJ2U2BH1nHlinsbwzF9xabLgvJtgyI8IZkqDni2U

Følg dei gjerne på intagra og facebook

https://www.instagram.com/handygjengen.ub/

https://www.facebook.com/Handygjengenub-103013558257220/