Internasjonal dag på Eid vgs 5. februar

Internasjonal dag

Tysdag 5. februar vert det internasjonal dag på Eid vgs. Etter siste oppteljing viser det seg at vi har elevar og tilsette med tilknyting til 29 ulike land. Så vi er verkeleg ein internasjonal og mangfaldig skule på mange vis. Det blir eit rikholdig program og i tillegg til internasjonal buffé i lunsjen, vert det også rømegraut med tilbehør i kantina denne dagen.

Program: 

0845: Elevane møter i klasserom

0850: Felles oppstart i kultursalen

0930: FN-rollespel og ulike stasjonar (eigen rulleringsplan for elevane) 

1140: Felles lunsj

1240: FN-rollespel og ullike stasjonar (eigen rulleringsplan for elevane) 

1320: Felles avslutning i kultursalen

 

Aktivitetar på dei ulike stasjonane er:

  • FN-rollespel
  • Informasjon om FN v/Arild Heggen og Geir Hjelle
  • Film (Reportasjar om konflikten i Jemen)
  • Formingsaktivitetar v/design-temaet
  • Elevføredrag 
  • Aktivitetar i foajeen/klasserom (utstilling, dans, språk)

Litt om FN-rollespelet:

Elevane ved VG3 studiespesialiserande skal under den internasjonale dagen spele dei ulike landa i tryggingsrådet i FN. Operasalen vert arena for dette møtet i tryggingsrådet. På sakskartet står konflikta i Jemen. (Les meir om Jemen her). Elevane i 3STA, 3STB og 3PÅA har allereie fått god opplæring av FN-sambandet over Skype. Alle andre elevar får innføring i FN og konflikta i Jemen av samfunnsfaglærarar.

Alle kan følgje med på utviklinga i møtet til tryggingsrådet som publikum i operasalen eller via strøyming på nett. FN-rollespelet vert leia av kyndige folk frå FN-sambandet.

Tips ein ven Skriv ut