Elevane i klasse 1sta var observatører på kommunestyremøte i Eid kommune

1STA på besøk i kommunestyresalen

I  samfunnsfagtimen på torsdag denne veka var heile 1STA observatørar på kommunestyremøtet i Eid kommune. På førehand hadde elevane fått informasjon om kommunen si heimesida, fått innsyn i saklista og rektor Ove Bjørlo, som er medlem i kommunestyret, hadde på førehand informert om oppgåver og prosessar.

Galleri

IMG_5546

Kommentarane til elevane etterpå seier  tydelig at det var interessant , og at det er lettare å sette seg inn i korleis kommunen fungerer når ein ser det med eigne auge. Og så passar det veldig godt med det vi held på med i faget, seier lærar Anita M. Rotihaug. 

Tips ein ven Skriv ut