www.eid.vgs.no

VRI4 Sogn og Fjordane

Mobilisering til forskingsbasert innovasjon i Sogn og Fjordane 2017 – 2019.

Grunnleggande krav for å få rådgjeving og økonomisk støtte av VRI4

I Sogn og Fjordane er VRI4-satsinga forankra i Verdiskapingsplanen 2014-2025 og Regional planstrategi. Satsinga er finansiert av Forskingsrådet, FORREGION, pilar 1. mobilisering til FoU.

Ved å mobilisera til meir forskingsbasert innovasjon, vil me oppnå berekraftig verdiskaping i bedrifter og fleire arbeidsplassar i fylket. Det skal i neste omgang føra til auka folketal, som er det overordna politiske målet.

I VRI4 prioriterer vi informasjon, rådgjeving, hjelp og økonomisk støtte til vekstbedrifter med FoU-potensiale i Sogn og Fjordane, innanfor fylgjande bransjar/næringar og tema: 

  • fornybar energi
  • landbruk
  • reiseliv
  • sjømatnæringar
  • kunnskapsnæringar (KIFT) - knytt til FoU-startpakken

Prioriteringane er politisk forankra i Sogn og Fjordane fylkeskommune sin verdiskapingsplan. Dette er næringar og tema som er viktige for fylket, som har vore det historisk og som me har spesielle føresetnader for å utvikla.

VRI4 prioriterte næringar og bedrifter

I VRI4 forstår vi "prioriterte næringar" som alle bedrifter med i ei verdikjede (gult) innanfor dei prioriterte bransjar/næringar og tema:


Figur av verdikjede til teknologileverandørar innan VRI4

Verdikjedebedriftene i VRI4 prioriterte næringar er typiske eigarar av produksjonar med problem som krev løysingar. Dei er tradisjonelt lite ivrige utviklarar av løysingar, som krev FoU, sjølv om gode unnatak finst. Dette kan vere eit dilemma med VRI4-prioriteringane i høve mobilisering til FoU.

Av denne grunn er VRI4 målgruppa utvida til også å gjelde eksterne teknologileverandørar, som kan utvikla innovative løysingar for verdikjedebedriftene ved hjelp av FoU. FoU-potensialet hjå desse kan vera stort. Ved å utvida målgruppa for VRI4 til også å gjelda teknologileverandørane, kan det derfor bli lettare å drive mobilisering til FoU i Sogn og Fjordane.

Generelle krav for VRI4 rådgjeving og økonomisk støtte

Kven kan søke:

  • Bedrifta tilhøyrer VRI4 prioriterte næringar, eller er teknologileverandørar til slike næringar.
  • Har adresse Sogn og Fjordane
  • Er registrert i einingsregisteret - med organisasjonsnummer.

 

Aktive utlysingar frå 21.mai 2017:
FoU-startpakke
Støtte til FoU-prosjekt

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Arne Monrad Johnsen
arne.monrad.johnsen@sfj.no
415 30 978

Relaterte lenker