Visjon og verdiar

Innsikt, integritet, respekt og openheit. Det er dei grunnleggjande verdiane til Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Sogn og Fjordane fylkeskommune ynskjer å ha høg tillit i samfunnet, å levere gode tenester, bidra til utviklinga i fylket, vere demokratisk forankra og å verne om demokratiet.

verdiar - test2.png

Verdigrunnlaget er eit uttrykk for det vi arbeider for å oppnå og ønskjer å halde fast på. Det gjeld for både folkevalde og tilsette i fylkeskommunen. Alle har eit sjølvstendig ansvar for sine eigne handlingar, og alle skal arbeide for god etisk praksis.

Verdigrunnlaget er eit felles sett av verdiar som skal hjelpe oss å utvikle og nå måla, visjonane og strategiane til fylkeskommunen. Verdiane er basis for alle handlingane våre, så vel internt som med omsyn til omverda. Verdigrunnlaget gjeld difor forholdet til samfunnet og veljarane, fylkeskommunen som organisasjon, tilsette, brukarar og miljøet.

Innsikt - Vi skal aktivt skaffe oss innsikt i noko.

Integritet - Vi har vilje og evne til å halde på viktige prinsipp og vere sjølvstendige.

Respekt - Vi har respekt for noko(n), viser respekt og tek omsyn.

Openheit - Vi er demokratisk forankra og vernar om demokratiet.

Verdigrunnlaget til fylkeskommunen vart revidert av fylkestinget i desember 2014.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven