Bilete av Kinn kyrkje, ei kyrkje i stein frå mellomalderen.

Foto: Stig Nordrumshaugen/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Vil ha bevaringsprogram for mellomalderkyrkjer

Hovudutval for næring og kultur bed Riksantikvaren om å støtte vedlikehald av Kinn kyrkje og dei andre steinkyrkjene frå mellomalderen.

Kinn kyrkje er ei av dei sju ståande mellomalderkyrkjene i stein i Sogn og Fjordane. På Kinn er det no behov for ei omfattande istandsetjing av kyrkja, kostnadsrekna til nærare 15 millionar kroner. Flora kommune har søkt Riksantikvaren og fylkeskommunen om økonomisk støtte til dette arbeidet.

Hovudutval for næring og kultur avslo søknaden frå Flora kommune i sitt møte 20. mars 2018, då fylkeskommunen ikkje har noko forvaltningsansvar for mellomalderkyrkjene. Det er kommunane som har vedlikehaldsansvaret for kyrkjene, og Riksantikvaren har forvaltningsansvaret for mellomalderkyrkjene.

Bevaringsprogram

Hovudutvalet ynskjer likevel å støtte arbeidet til Flora kommune, og la difor til dette i vedtaket:

«Hovudutval for næring og kultur forventar at Riksantikvaren etablerer eit eige bevaringsprogram for dei viktige mellomalderkyrkjene i landet. Hovudutvalet ber fylkesdirektøren følgje opp og støtte Flora kommune i dialog med Riksantikvaren.»

Verdifulle kulturminne

– Mellomalderkyrkjene er verdifulle kulturminne i både eit lokalt og nasjonalt perspektiv, noko som synte att i det store engasjementet hovudutvalet hadde i diskusjonen vi hadde rundt denne saka, seier utvalsleiar Karen Marie Hjelmeseter.

Hjelmeseter seier vidare at hovudutvalet ser kommunane sine utfordringar med å klare det økonomiske løftet det er å vedlikehalde desse kyrkjene. Difor ser dei behovet for at det vert oppretta eit eige bevaringsprogram for steinkyrkjene, gjerne etter same mal som bevaringsprogrammet Riksantikvaren tidlegare hadde for stavkyrkjene.

Bed om møte

Fylkesdirektøren vil fylgje opp vedtaket ved å ta kontakt med Riksantikvaren for å be om eit felles møte med dei og Flora kommune. Der vil dei å drøfte korleis ein kan løyse behovet for finansiering av restaureringarbeid av mellomalderkyrkjene i stein.

Vedtaket og saksutgreiinga finn du her.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven