www.eid.vgs.no

Vg3 i skule

Opplæringslova § 3-3

Dersom fylkeskommunen ikkje kan formidle opplæring i bedrift til dei som ønskjer slik opplæring, må også bedriftsdelen av opplæringa skje i skule.

Vg3 i skule er ikkje søkbart. Tilbodet vil bli oppretta til søkjarar som ikkje har fått tilbod om læreplass, og vil difor variere frå år til år. Ved utplassering i bedrift følgjer eleven arbeidstida til  aktuell bedrift.

Kort om ordninga

  • Same læreplan som lærlingar/lærekandidatar i bedrift

  • Elevstatus også ved utplassering i bedrift

  • Opplæringstid 12 -18 månader

  • Mogleg å teikne lærekontrakt underveg i læreløpet

  • Avsluttast med fag-/sveine eller kompetanseprøve

  • Hovudinntak med tilbod 1.september

Kvalifiserte* søkjarar til læreplass vil innan 1.september få tilbod om vg3 i skule i eige eller anna fylke. Informasjon om tid og stad blir sendt ut når oversikt over dei som har takka ja til tilbodet ligg føre. For at elevane skal få ein god og realistisk opplæring er det naturleg å samarbeide med lokalt næringsliv om utplassering i bedrifter i periodar. Skulen som har ansvaret for opplæringa vil då teikne utplasseringsavtale med bedrifta om korleis eleven skal følgjast opp i utplasseringsperioden.

*Kvalifiserte søkjarar: søkjaren skal ha bestått alle programfaga, men kan ha karakteren 1 i inntil to fellesfag.

Elevane får ikkje løn, men har rettar i lånekassen som andre elevar i skulen.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Sissel Brusegård
Teamleiar
sissel.brusegard@sfj.no
405 24 464 

Relaterte lenker