Eid vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Elektrofag/Vg3 Dataelektronikerfaget
automasjon1014x384robot

Vg3 Dataelektronikerfaget

Skulen har eit stort samarbeidsprosjekt med andre skular og næringsliv om velferdsteknologi. Dette bir eit viktig fagfelt i framtida, og Eid vgs vil vere med i fremste rekkje med å utdanne elevar med rett kompetanse. 

Oversikt over undervisningsfag

Som for alle yrkesfaglege utdanningsprogram deler vi opplæringa inn i

Programfag

  • Apparat og utstyr, 19 timar pr veke
  • System og infrastruktur, 14 timar pr veke

Yrkesfagleg fordjuping 

Hovudmålet med faget er å gje elevane erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som karakteriserer dei ulike yrka innan dette utdanningsprogrammet. Det gjer vi gjennom:

  • Bedriftsbesøk og hospitering 4 vekre i bedrifter i løpet av skuleåret
  • Fordjuping innanfor ulike delar av fagområdet
  • Arbeid på verkstad

Fellesfag​

  • Kroppsøving, 2 timar per veke

På Eid vidaregåande skule får du jobbe med Serversystemer, IT Sikkerhet, LAN (BITELIT), Programmering, Alarmsystem. Du har også høve til å jobbe med eigne prosjekter som: drone, 3d-printing, speldesign ved bruk av program som Unity og Unreal Engine.  Skulen har  god blanding av teori og praksis i undervisninga. I prosjektet "velferdsteknologi" jobbar elevane saman  med elevar på helsefag på Stryn vgs og lokalt næringsliv både på Eid og i Stryn.

Les meir om andre elevar sine erfaringar med faga, og om

  • Inntakskrav
  • Fag- og timefordeling
  • Yrke og kompetanse

på vilbli.no.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Utdanningsleiar 
Ove Lillestøl
415 30 811

Ove.Lillestol@sfj.no