www.eid.vgs.no

Frå hospiteringsdagar på design og handverk

Frå hospiteringsdagar på design og handverk

Design og handverk

Er du interessert i design av kle, mote, frisør, smykke,  industri, interiør, møbel, reklame osv og vil arbeide med noko praktisk seinare i livet,  då er Design og Handverk noko for deg ! Tilbodet på Eid vgs er det einaste i fylket vårt.

Som elev på Eid vgs får du vere med på å jobbe tett opp mot aktivitetar/arrangement i Operahuset Nordfjord, spesiellt med operaen og skulemusikalen. Du får jobbe i team med elevar frå andre klassar som industriell møbelproduksjon, elenergi og industriteknologi, i tillegg til lærarar og profesjonelle. Alt som ein del av faga på desing og handverk. 

Oversikt over undervisningsfag

Som for alle yrkesfaglege utdanningsprogram deler vi opplæringa inn i

  • Fellesfag: 12 timar per veke
  • Programfag: 17 timar per veke
  • Yrkesfagleg fordjuping: 6 timar per veke

Programfag

  • Produksjon, 12 timar pr veke
  • Kvalitet og dokumentasjon, 5 timar pr veke

Yrkesfagleg fordjuping 

Hovudmålet med faget er å gje elevane erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som karakteriserer dei ulike yrka innan dette utdanningsprogrammet. Det gjer vi gjennom:

  • Bedriftsbesøk
  • Fordjuping innanfor ulike delar av fagområdet
  • Arbeid på verkstad

Fellesfag

  • Matematikk, 3 timar per veke
  • Engelsk, 3 timar per veke
  • Norsk, 2 timar per veke
  • Naturfag, 2 timar per veke
  • Kroppsøving, 2 timar per veke

Les meir om andre elevar sine erfaringar med faga, og om

  • Inntakskrav
  • Fag- og timefordeling
  • Yrke og kompetanse

på vilbli.no.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Utdanningsleiar 
Ove Lillestøl
415 30 811

Ove.Lillestol@sfj.no