Fylkesvåpena til dei fire fylka på Vestlandet, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.

Vestlandsrådet

Vestlandsrådet er eit politisk samarbeidsråd mellom fylkeskommunane i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. 

Dei fire fylkeskommunane har tradisjonar for eit tett og godt samarbeid på mange felt. Tidleg på 2000-talet fann dei det føremålstenleg å etablere eit formelt samarbeidsråd, og 8. januar 2003 vart Vestlandsrådet konstituert.

Vestlandsrådet sin nettstad: www.vestlandsraadet.no

Vestlandsrådet skal

  • styrke landsdelen, både nasjonalt og internasjonalt
  • koordinere den politiske innsatssen til bete for landsdelen innanfor definerte satsingsområde og utvikle effektive tenester på tvers av fylkesgrensene
  • fremje andre politiske saker av felles interesse
  • aktivt påverke rammevilkår for landsdelen og medlemsfylka
  • skape samhandlingsarenaer på Vestlandet
  • ta initiativ til samarbeidsprosjekt på tvers av fylkesgrensene

20 medlemer utgjer sjølve Vestlandsrådet, fem frå kvart fylke. Rådet møtest tre gonger i året, og leiarvervet går på omgang mellom fylkesordførarane.

Medlemane frå Sogn og Fjordane 2015–2019

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Inge Gjerald
Leiar, sekretariatet
ole.inge.gjerald@sfj.no
408 57 025

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Kontaktinfo

Jenny Følling
Fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no 
479 05 990

Åshild Kjelsnes
Fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
Rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713