Verksemder og eigarskap

Fylkeskommunen yter tenester gjennom fleire verksemder, og har eigarskap i ei rekke selskap i regionen.

Verksemder

Eigarskap

Fylkestinget vedtok prinsipp for eigarpolitikk fyrste gong i desember 2008. Kvart år vert det gjort vurderingar av mellom anna samfunnsansvar, etikk, korleis utøve fylkeskommunalt eigarskap, samt regelverk knytt til habilitet for folkevalde i ulike roller.

Ei eigarmelding om fylkeskommunal eigarskap i selskap vert lagt fram for fylkestinget kvart år.

Måla fylkeskommunen har med eigarskapen har hittil variert frå selskap til selskap og er i hovudsak samansett av eitt eller fleire av fylgjande punkt:

  • Sikre at investert kapital oppnår god avkastning som samsvarar med den risikoen fylkeskommunen tek ved å ha eigardelar i selskapet, dvs. forretningsmessige mål.
  • Delta i selskap som arbeider med fellestiltak for å utvikle næringslivet i fylket.
  • Delta i investeringsselskap som går inn som eigar for å utvikle nye selskap.
  • Delta i selskap der vi opptrer som regional utviklingsaktør og tilfører/får kompetanse.
  • Delta i selskap saman med andre fylkeskommunar og kommunar for å oppnå stordriftsfordeler i tenesteproduksjonen.
  • Delta i selskap som har stort innslag av ansvar for å tilrettelegge for særlege grupper.
  • Delta i selskap saman med til dømes kommunar for å sikre drift av fylkesomfattande kulturinstitusjonar

Fylkeskommunen har ved utgangen av september 2016 eigarskap i 22 aksjeselskap, tre interkommunale selskap, eitt gjensidig selskap (KLP) og eitt særlovsselskap (Innovasjon Norge). Av aksjeselskapa er to (Sogn og Fjordane Holding AS og F1 Holding AS) heileigde av fylkeskommunen. Dei andre aksjeselskapa er eigde anten i lag med andre kommunar eller private, eller i ein kombinasjon av dette. Den fylkeskommunale eigarprosenten varierer frå 80 prosent til 0,31 prosent.

Fylkeskommunalt eigarskap i selskap pr. 03.11.2016

Namn Pålydande Eigarskap i prosent
Aksjeselskap

 

 
F1 Holding AS

82 360 169

100

Sogn og Fjordane Holding

30 000

100

Sogn og Fjordane Teater

80 000

80

Opplæringsfartøy AS

6 000 000

77

Fjord Invest Såkorn

15 350 000

50,58

Sogn og Fjordane Energi

356 090 200

48,15

Lutelandet Utvikling AS 

768 000

48

Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane

2 500 000

38,17

In Via AS

325 500

32,05

Mentro AS

150 000

30

Norsk Fjordhestsenter

30 000

30

Sogneprodukt

150 000

27

Origod

150 020

26

Gulen og Masfjorden Utvikling

1 156 250

22,42

Njøs Næringsutvikling

100 000

22,20

Firda Billag

500 000

5

Framtidsfylket

18 299

2,8

Kommunekraft

1 000

0,31

Fjord Norge AS  370 000 8,9
Interoperabilitetstjenester AS 129 996 1
Særlovselskap

 

 
Innovasjon Norge

505 474

2,58

Interkommunale selskap

 

 
Trivselshagen IKS

47 100 000

50

Sogn og Fjordane Revisjon IKS

480 000

44,45

Vigo IKS

 

5,26

Dokument knytte til arbeidet med eigarskapsutøvinga

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Tore Eriksen
Fylkesrådmann
tore.eriksen@sfj.no
415 30 932

Paal Fosdal
Ass. fylkesrådmann
paal.fosdal@sfj.no
906 39 859

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven