www.eid.vgs.no

Bilde av Nærøyfjorden. Foto Arian Zwegers

Foto: Arian Zwegers/Flickr (cc-by)

Verdsarv i Sogn og Fjordane

Det er to innskrivingar frå Sogn og Fjordane på UNESCO si verdsarvliste. Fylkeskommunen følger forvaltinga av desse områda tett. 

Innskrivingane i Sogn og Fjordane er Urnes stavkyrkje og Vestnorsk fjordlandskap – delområde Nærøyfjorden. I tillegg er Kvernsteinsbrota i Hyllestad på Riksantikvaren si tentative liste til verdsarvnominasjon. Innskriving på Unesco si verdsarvliste er det høgaste internasjonale kvalitetsstempelet eit område kan få. Verdsarvlista har som mål å verne om verda si uerstattelege kultur- og naturarv. Noreg har totalt åtte stadar på UNESCO si verdsarvliste.

Innskrivinga på verdsarvlista gjev ikkje områda noko eige vern. Vernet av stadane skjer gjennom det enkelte landet sitt lovverk og forvaltning. Fylkeskommunen har ei ekstra merksemd på verdsarvområda og følger dei tett. 

Verdsarvråd og forvaltingsplanar

Det er oppretta eigne samarbeidsorgan i form av Verdsarvråd for både Urnes stavkyrkje og Vestnorsk fjordlandskap. Fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes er Sogn og Fjordane fylkeskommune sin representant i begge verdsarvråda.

Forvaltninga av verdsarvstadane er delt mellom ulike forvaltningsledd etter kva oppgåver det er som skal løysast. Det er utarbeida ein forvaltingsplan for Urnes stavkyrkje og ein forvaltingsplan for Vestnorsk fjordlandskap.Planane fortel korleis ein ønsker at verdsarvstadane skal utvikle seg i framtida, samt kva og kven som har forvaltningsansvar. 

Tilskot

Kvart år har kan eigarar av kulturminne i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap – delområde Nærøyfjorden søke fylkeskommunen om tilskot til istandsetting av kulturminna. Tilskota kjem frå Statsbudsjettet kap. 1429 post 79: tilskot til kulturminne på verdsarvlista.

Søknadsfristen er 1. desember.

Her kan du lese meir om ordninga.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Arlen Synnøve Bidne
Rådgjevar 
arlen.synnove.bidne@sfj.no
415 30 934

Eksterne lenker

Les meir om Urnes hjå:

Riksantikvaren

Fortidminneforeininga

Les meir om Vestnorsk fjordlandskap hjå:

Nærøyfjorden

Riksantikvaren

Nasjonalparkstyre