Foto av ei oljeplattform litt på avstand. Vi ser også eit par skip i horisonten.

Foto: pixabay.com

Vekst i Vest 2017

Petroleumskonferansen Vekst i Vest vert arrangert i Florø 16. november. Tema er blant anna kva moglegheiter og utfordringar som finst når det gjeld petroleumsverksemd utanfor kysten av Sogn og Fjordane.

Fylkesordførarar og leiar i petroleumsrådet i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, opnar konferansen, som samlar bransjefolk, politikarar og andre som er interesserte i bransjen.

Grøn profil

Områda Gjøa, Skarfjell, Knarr og Snorre får særleg merksemd i år, samstundes som det grøne skiftet er tema også her. Blant anna kjem leiar for marin i Statoil, Frida Eklöf Monstad, for å snakke om grøn logistikk. Og leverandørane på Fjord Base vil presentere prosjektet Lean and Green.

Vekst i Vest har utvikla seg til å bli ein nyttig nettverksarena for dei som ønskjer å oppdatere seg på kva som skjer i petroleumsbransjen. Sogn og Fjordane fylkeskommune har også i år hovudansvaret for arrangementet, i samarbeid med Maritim Forening Sogn og Fjordane og Norsk Petroleumsforening, avd. Sogn og Fjordane.

Her finn du heile programmet for Vekst i Vest og kan melde deg på konferansen.

Nettverkssamling

Dagen før Vekst i Vest, 15. november, arrangerer Maritim Forening Sogn og Fjordane nettverkssamling for den maritime leverandørindustrien i fylket.

Her kan du sjå heile programmet for og melde deg på nettverkssamlinga.

For meir informasjon

Audun Erik Sunde
audun.erik.sunde@sfj.no
916 45 874

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00