www.eid.vgs.no

Ein buss på veg opp Aurlandsfjellet. Foto: Rolf M. Sørensen

Foto: Rolf M. Sørensen

Veg

Fylkesvegane knyter ulike delar av fylket saman og skal fungere som ei trygg og føreseieleg ferdselsåre for trafikantar og næringsliv.

Det er 2648 kilometer fylkesvegar, inkludert gang- og sykkelvegar, og seks fylkesvegferjesamband i Sogn og Fjordane.

Ansvaret for fylkesvegnettet – kven kan svare?

Sogn og Fjordane fylkeskommune er vegeigar og har ansvar for

  • overordna planlegging og strategiske spørsmål og budsjett
  • prioritering av investeringstiltak og større vedlikehaldstiltak
  • å vurdere alternativ transport ved vegstengingar

Statens vegvesen har ansvar for

  • gjennomføring av vedtekne investeringsprosjekt
  • daglege drifts- og vedlikehaldsoppgåver
  • å vurdere vegstengingar og opning etter stenging
  • å godkjenne private tiltak på vegnettet
  • skilting
  • fartsgrenser

Ved hendingar på vegnettet eller spørsmål om veg og køyreforhold, kontakt Vegmeldingssentralen på telefon 175 eller sjekk vegmeldingane i Fylkesatlas.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Statens vegvesen

Tone Anette Espe

Eivind Yttri

Relaterte lenker