Foto frå møtet i fylkestinget 5. desember 2017. Biletet er teke framme frå, og vi ser dei fleste representantane og dirigentbordet.

Fylkestinget vedtok Regional transportplan 2018-2027 i desember 2017.

Vedtok veginvesteringar for 3,5 milliardar

Fylkestinget har vedteke ein offensiv regional transportplan. Planen har ein sterk miljøprofil, det er fastlagt trasé for kystvegen, og det skal investerast 3,5 milliardar på veg dei neste fire åra.

– Dette er ei rekordstor satsing på veg. Traseen for kystvegen er klar, vi vil søkje om ferjeavløysing til prosjektet Ytre Steinsund i Solund, og vi skal bruke 1,2 milliardar på rassikring, noko som er svært viktig her i fylket. Fylkestinget ønskjer å sikre ein framtidsretta infrastruktur på Vestlandet, samstundes viser planen at vi er sterkt opptekne av miljø, seier fylkesordførar Jenny Følling.

Klima og miljø sentralt

Klima- og miljøperspektivet står sterkt i den nyleg vedtekne transportplanen. Gjennom transportplanvedtaket har fylkestinget vedteke ein plan for nullutslepp frå kollektivtrafikken innan 2050. Det er i tråd med Paris-avtalen.

– Vi vil at det raskast mogleg skal leggjast til rette for overgang frå fossil til fornybar energi, samt at vi sjølvsagt også skal ha eit godt og tenleg kollektivtilbod for alle reisande, seier fylkesordføraren.

Fylkeskommunen skal nå målet om nullutslepp innan 2050 gjennom krav i anboda som blir lyste ut. Det blir stilt krav til klimagassreduksjon i alle anboda som gjeld kollektivtrafikk, og det blir også sett krav om at det skal leggjast til rette for nullutsleppsteknologi i nye anbod for hurtigbåtar.

Også når det gjeld fylkesvegane, står klima sentralt. Det er eit delmål i regional transportplan om å klimatilpasse veginfrastruktur til eit endra klima med blant anna meir nedbør. Det er i tillegg eit mål å leggje til rette for raskast mogleg overgang frå bruk av fossile drivstoff til nullutsleppskøyretøy på vegane.

Kystvegtraseen klar

Ei vegsak som har oppteke innbyggjarane særleg i dei ytre delane av fylket i det siste, er kystvegen og kvar denne skal gå. Det overordna målet har vore å få ein samanhengande veg langs kysten mellom Ålesund og Bergen. For Sogn og Fjordane sin del er målet å binde kystdelane av fylket best mogleg saman og skape utvikling i området.

Fylkestinget følgde tilrådingane frå Statens vegvesen og har vedteke slik trasé for kystvegen – frå sør til nord i fylket:

  • Vegen skal følgje dagens trasé på fv. 57 frå Sløvåg i Gulen til Dale i Fjaler. Det vert omleggingar der vegen er for dårleg, og ferjestrekninga Rutledal–Rysjedalsvika vert oppretthalden som i dag.
  • Frå Dale går vegen i ny tunnel direkte frå Dalsfjordbrua til Kvammen ved Førdefjorden i Askvoll. Vidare kryssar kystvegen fjorden med bru over Ålesundet og går vidare i tunnel og veg via Redal og nordover via Osa, før han koplar seg på rv. 5 vest for Storebru.
  • Kystvegen følgjer så rv. 5 til Grov og derifrå til Haukå, for så å gå i tunnel til Myklebustdalen. Frå Indrehus går traseen i tunnel til Svelgen og vidare til Sørdalen med oppgradering av vegen og to nye tunnelar.
  • Siste del av vegen følgjer dagens veg til Rugsundøya. Der tek han av mot Tongane, og målet er så å krysse Nordfjorden med bru over til Biskjelneset. Deretter skal han kople seg på rv. 15 og følgje den til Bryggja og vidare med utbetra fv. 61 til Naveosen.
  • Ferjesambandet Stårheim–Isane skal oppretthaldast.

Fylkestinget har eit mål om å starte arbeidet med den første delstrekninga, Svelgen–Indrehus i 2020.


Illustrasjon av eit kart av Sogn og Fjordane, der den framtidige traseen for kystvegen gjennom fylket er teikna inn med raudt.

Over ein milliard til skredsikring

Fylkestinget vil bruke 1,2 milliard kroner på skredsikring fram til 2021. Det betyr at tunnelen på fv. 633 Kleiva i Selje skal fullførast, og det vert starta skredsikring av både Flovegen i Stryn og Ljåteli i Årdal. Planen er også å starte arbeidet med bru over Esefjorden i Balestrand i 2021.

– Ei slik satsing på skredsikring er heilt naudsynt i eit fylke som vårt, som har mange vegar som er svært utsette for ras og skred. Desse prosjekta vil skape tryggare vegar for mange av innbyggarane våre, slår fylkesordførar Jenny Følling fast.

Fylkestinget vil også ha på plass ein heilskapleg plan for skredsikring, både nasjonalt og for fylket, og slo fast at ein slik plan for fylket bør på plass ved neste rullering av regional transportplan.

Ferjeavløysing i Solund

Ei av fylkestingsrepresentantane som var særleg nøgd under handsaminga av regional transportplan, var Solund-ordførar Gunn Åmdal Mongstad. Fylkestinget vedtok nemleg å søkje Kommunal- og moderniseringsdepartementet om ferjeavløysingsmidlar for Ytre Steinsund i Solund. Målet er å erstatte ferja som i dag går mellom Daløy og Haldorsneset med ei bru.

– Dette vil bidra til å binde øykommunen tettare saman. Lokalbefolkninga har stått på for dette prosjektet i årevis, og det er gledeleg at vi no fekk dette vedtaket på plass, seier fylkesordføraren.

Det var eit samrøystes fylkesting som 5. desember vedtok at det no skal søkjast om ferjeavløysingsmidlar. Fylkestinget tek endeleg stilling til oppstart av prosjektet etter at søknaden er behandla i Kommunal -og moderniseringsdepartementet.

Investeringar

Investeringsprogrammet for 2018–2021 er delt inn i store prosjekt, mindre utbetringar, gang- og sykkelvegar og skredsikring, og i denne tabellen kan du sjå korleis dei 3,5 milliardane skal brukast. Her kan du sjå heile investeringsprogrammet, med oversikt over kor mykje pengar som skal brukast på kvart prosjekt når.

Regional transportplan er ein langsiktig, strategisk plan for korleis fylkestinget ønskjer å utvikle transportområdet i Sogn og Fjordane i åra som kjem. Planen har mål for alle relevante delar av transportsystemet, samt strategiar og tiltak for å nå overordna mål.

Dokument

For meir informasjon

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
post@sfj.no