Bilete av restaureringsarbeid, bispestova i Lavik

Restaurering av bispestova i Lavik. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune / Stig Nordrumshaugen

Vedlikehald

Her får du informasjon om korleis du kan kome i gang med vedlikehald av ulike kulturminne, tilskotsordningar og verdien det gir å ta vare på eit kulturminne. 

Gamle hus er ein ressurs

Dei eldre byggjeskikkane er tufta på berekraftige prinsipp med naturmaterial som stein, skifer, leire, never, torv og tre. Materiala er ofte av god kvalitet og henta ut lokalt. I tillegg kan dei reparerast forholdsvis enkelt. Di meir kunnskap ein har om dei ulike byggjeteknikkane, di meir ser ein kvalitetane. Dei gamle byggjeskikkane er utprøvde gjennom fleire hundre år og står seg godt i det vêrharde vestlandsklimaet.

Gamle naust har gjerne seks punkt med fundament av stein som konstruksjonen står på. Naust i nye reisverkskonstruksjonar krev ringmur og ofte eit støypt dekke. Fotavtrykket etter nye byggjeprinsipp er mykje større enn dei gamle fordi dei nye konstruksjonane krev eit stort grunnarbeid. Kvifor ikkje bruke dei gamle bygga og byggjeteknikkane i større grad?

Alternativ til riving

Vi har fleire døme på at folk ønskjer å rive til dømes ein eldre driftsbygning fordi det er skadar på konstruksjonen som følgje av at taket har vore utett nokre år. I fleire tilfelle er det snakk om få dagsverk for å reparere eit par stavar og legge opp att nokre heller, så er bygningen berga og klar for ny bruk. Alternativet med å rive ville vore dyrare. Bruk kompetente fagfolk til å analysere ein bygning før ein eventuelt vurderer riving.

Isolering 

Gamle hus er bygt med materialar som kan ta opp og gje fukt. Dei er i stor grad enkle å etterisolere slik at dei blir gode bustadhus. Det viktigaste er å isolere bjelkelag og tak, og lage varevindauge der det er enkle glas i vindauga. Ved etterisolering og vindtetting av eit tømmerhus utvendig, vil ein få ein konstruksjon som kan lagre varme i mykje større grad enn moderne isolasjon. Samstundes vil ein få eit sunnare hus som pustar.    

Søk tilskot og finn informasjon

I omsyn til miljøet er det viktigaste vi kan gjere å bruke og gjenbruka dei ressursane vi har, slik generasjonar før oss har gjort. Å bevare gamle hus er godt miljø- og kulturminnevern. Søk kunnskap før du planlegg tiltak på uthus eller våningshus. Sjå også om det kan vere muleg å søkje støtte til istandsetjing og restaurering på din gard eller bygning.

Fylkeskommunen arbeider tett med eigarar av freda og verneverdige bygg. Vi gir tilskot og fagleg rettleiing i arbeidet med å vedlikehalde bygningar. Les meir om tilskota våre her. 

Norsk kulturminnefond gir òg tilskot. Dei prioriterer private eigarar av verneverdige kulturminne. Les meir om ordninga på deira heimesider her. 

Riksantikvaren har ei eiga side med råd om vern av bygningar. Mellom anna skriv dei om istandsetting, vedlikehald, reingjring og mykje anna. Les meir på deira heimesider her.

Fortidsminneforeininga har som mål å vere den leiiande frivillige organisasjonen i det norske kulturminnevernet. Les meir om arbeidet dei gjer her. 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Stig Nordrumshaugen
Restaureringsleiar
stig.nordrumshaugen@sfj.no
995 67 194

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00