Elv. Foto: Johnny Ødegård

Foto: Johnny Ødegård

Vassforvaltning

Fylkeskommunen er vassregionsmynde for Sogn og Fjordane Vassregion. Vassregionmynda leiar arbeidet med planprosessen med å utarbeide ein Regional plan for vassforvaltning for vassregionen.

Hovudmålet med planen er å sette miljømål for vassførekomstane. Miljømålet skal heilskapleg verne om vassførekomstane og sikre ein berekraftig bruk av vatnet. Standard miljømål er å sikre minst god miljøtilstand i alt vatn, både vassdrag, kystvatn og grunnvatn. Tiltak for å nå miljømålet vert føreslege i tiltaksprogrammet.

Utkast til ein heilskapleg vassforvaltningsplan med tiltaksprogram har vore på høyring med høyringsfrist 31. mars, 2015. Regional plan for vassforvaltning vil etter vedtak i fylkestinget bli godkjent av Klima- og miljødepartementet. Tiltaksprogrammet vert vedteke av Fylkestinget. Planen og tiltaksprogrammet skal vere gjennomført innan 2021 og er sektorovergripande.

Grensene for Sogn og Fjordane vassregion følgjer i hovudsak fylkesgrensa for Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane er delt inn i vassområda Nordfjord, Sunnfjord, Ytre Sogn og Indre Sogn. Informasjon om arbeidet som skjer i Sogn og Fjordane vassregion og dei ulike vassområde vert lagt ut på Vannportalen.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Merete Farstad
Seniorrådgjevar
merete.farstad@sfj.no
977 42 381

Eksterne lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00