Valkort

Alle veljerar får tilsendt valkort. Valkort gir informasjon om opningstid, og kva vallokale du skal bruke på valdagen. Du treng ikkje valkortet for å stemme, men det grår raskare for deg å stemme om du tek det med.

Valkortet blir laga på grunnlag av opplysningane i folkeregisteret om bustadadressa til veljarane per 30. juni i valåret. Det er denne adressa som avgjer kva kommune du har stemmerett i.

Valkorta blir sende ut til veljarene sine registrerte postadresser i folkeregisteret.

Det er ikkje nødvendig å ha med seg valkortet for å stemme, men det forenklar arbeidet for valfunksjonærane dersom du tek det med. Det går derfor raskare for deg å stemme dersom du har med deg valkortet. Har du ikkje motteke valkortet i posten eller har mista det, kan du altså likevel møte opp i vallokalet for å stemme.

Valkortet gjeld ikkje som legitimasjon.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Marit Silje Husabø
valansvarleg
marit.silje.husabo@sfj.no
971 73 379

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Kontaktinfo

Jenny Følling
Fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no 
479 05 990

Åshild Kjelsnes
Fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
Rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713