www.eid.vgs.no

Vaksenrett

Vaksenrett gjeld deg som

  • er over 25 år
  • har fullført norsk grunnskule eller minst 9 årig grunnskule frå utlandet
  • ikkje har fullført vidaregåande opplæring i Noreg eller utlandet frå før, eller ikkje får godkjent tidlegare gjennomført vidaregåande opplæring frå eit anna land enn Noreg

Inntak og oppstartsprosess er ulik frå søking til vidaregåande opplæring etter ungdomsrett.

Vaksne registrerer seg på vigo.no under «vidaregåande opplæring for vaksne/realkompetansevurdering», fyller ut søknaden og veljer ein sluttkompetanse. Du søkjer ikkje på eit eksisterande opplæringstilbod. Tilbod blir oppretta når fylkeskommunen har oversikt over søknadane som er komne inn.

Det er difor ekstra viktig at du veit kva sluttkompetanse du ynskjer, du har berre eitt val.

Ofte samlings- eller nettbasert opplæring

Du kan få tilbod om opplæring ein anna plass enn du bur. Opplæring for deg med vaksenrett kan organiserast ulikt. Det er ofte samlings- eller nettbasert i mindre klasser og er ikkje nødvendigvis plassert på ein vidaregåande skule. Opplæringa skal tilpassast livssituasjonen din i den grad det er mogleg, og du har difor ikkje dei same rettane som med ein ungdomsrett.

Ingen tidsfrist

Det er ingen tidsfrist knytt til når du skal få tilbod om opplæring, men dersom du har rett til opplæring i vidaregåande opplæring skal du få tilbod innan rimeleg tid.

  • Om du søkjer innan 1. mars kan du tidlegst få tilbod om opplæring med oppstart i august same året.
  • Om du søkjer før 1. september kan du få tilbod om opplæring tidlegast i januar.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Yrla Klein
prosjektmedarbeidar integrering
yrla.klein@sfj.no
403 49 549

Relaterte lenker