Vaksen

Kven har rett til vidaregåande opplæring for vaksne?

Vidaregåande opplæring for vaksne hausten 2017.

Du kan ha rett dersom
• du er over 25 år eller fyller 25 år i år
og
• du har fullført norsk grunnskule, eller minimum 9 år grunnskule frå eit anna land, eller har realkompetanse tilsvarande norsk grunnskule
og
• du ikkje har fullført vidaregåande opplæring eller ikkje får godkjent tidlegare gjennomført vidaregåande opplæring frå eit anna land enn Noreg
og
• du sender inn søknad til fylkeskommunen om rett til vidaregåande opplæring


Kva kan du ha rett på?

• Du har til vanleg rett på opplæring fram til den sluttkompetansen du ynskjer
• Opplæringa skal vere fleksibel og tilpassa din arbeids- og livssituasjon så langt det let seg gjere
• Opplæringa skal byggje på det du kan frå før (realkompetanse)
• Opplæringa, lærebøker og undervisningsutstyr er gratis


Realkompetansevurdering
Mange vaksne har gjennom arbeidserfaring og kurs tileigna seg kunnskap som fullt eller delvis dekkjer krava i læreplanen for den ønska opplæringa. Realkompetansevurdering er eit tilbod om å få prøvd kunnskapane dine og få godkjent det du kan, i høve dei krav læreplanen stiller.
• Dersom du har rett til opplæring, har du òg rett til å få vurdert realkompetansen din
• Realkompetansen din kan dokumenterast og godkjennast som likeverdig med heile eller deler av opplæringa – du slepp å få opplæring i det du kan
• Du har rett til å få kompetansebevis som syner kva du har fått godkjend i  realkompetansevurderinga
• Realkompetansevurderinga er gratis for vaksne med rett


Dersom du ikkje har rett til opplæring
• Du kan likevel få tilbod om opplæring dersom det er ledige plassar
• Dersom du får tilbod om opplæring, kan du få fullføringsrett for å nå sluttkompetansen
• Du kan få vurdert realkompetansen din, men må betale for tenesta sjølv, eller NAV/kommune kan betale dersom det er dei som har bedt om ei slik vurdering.


Rettleiing
Før du søker om opplæring, må du få rettleiing om korleis du kan nå sluttmålet ditt på best mogleg måte. Tilbod om slik rettleiing kan du få ved å ta kontakt med fylkeskommunen.
Dersom du er usikker på utdanningsvalet ditt, og ynskjer karriererettleiing, gå inn på www.karrieresfj.no og bestill rettleiingstime. Da vil du få ein profesjonell karriererettleiingssamtale som kan hjelpe deg til å ta val. Denne tenesta er gratis for alle over 19 år.
www.karrieresfj.no finn du òg meir generell informasjon om karriererettleiing og utdanning.


Korleis søke?
NB! Ta kontakt med fylkeskommunen om rettleiing, før du søker!
Registrer så søknaden på www.vigo.novidaregåande opplæring for vaksne/realkompetansevurdering

Du kan søke kontinuerleg, men ynskjer du å starte opplæring frå hausten, må du søke innan 1.mars. Søker du innan 1.september, kan du få opplæringstilbod i januar.

Du må òg sende inn kopiar av vitnemål og attestar til oss. Desse kan sendast i brev til:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Arkivtenesta
Askedalen 2
6863 Leikanger

eller du kan sende kopiane elektronisk til post@sfj.no, merka «vaksenopplæring».

Søknaden med kopiar av vitnemål og attestar vil gi grunnlag for å slå fast om du har lovfesta rett til vidaregåande opplæring for vaksne etter § 4A-3 i opplæringslova, og kva du treng vidare for å nå ditt opplæringsmål.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Mari Anne Sundal
rådgjevar
mari.anne.sundal@sfj.no
576 38 024/415 30 892

Stein Inge Strøm
karriererettleiar
stein.inge.strom@sfj.no
928 93 547

Siv Kristin Flekke
karriererettleiar
siv.kristin.flekke@sfj.no
415 30 715

Relaterte lenker

Eksterne lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00