www.eid.vgs.no

Grått bord med tre par falske tenner, brosjyrer og ein stor raud tannbørste.

Våre tenester

Den offentlege tannhelsetenesta gir tannbehandling til prioriterte grupper. I tillegg kan vi gi tannbehandling til vaksne pasientar dersom tannklinikken har kapasitet til det.

Har du rett på gratis tannbehandling?

Alle har rett på gratis tannbehandling til og med det året dei fyller 18 år. Det same har psykisk utviklingshemma, eldre og langtidssjuke i alders- og sjukeheim og enkelte brukarar av heimesjukepleien. Ungdom får reduserte prisar frå og med det året dei fyller 19 år til og med det året dei fyller 20 år.

Desse gruppene har rett på gratis tannbehandling i den offentlege tannhelsetenesta etter Lov om tannhelsetenesta:

  1. Barn og ungdom frå fødsel til og med det året dei fyller 18 år.
  2. Psykisk utviklingshemma i og utanfor institusjon og heimesjukepleie.
  3. Gruppe av eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og heimesjukepleie.
  4. Ungdom som fyller 19 eller 20 år i behandlingsåret.

Førebyggjande arbeid skal prioriterast framfor behandling.

Du kan lese meir om dette i tannhelsetenestelova.

Fylkeskommunene har i tillegg fått i oppdrag å gje tilbod til desse gruppene:

Du kan lese meir om dette på Helsedirektoratet sine heimesider.

Har du rett på å få dekka skyssutgifter til tannbehandling?

Forskrift for dekking av skyssutgifter for pasientar i den offentlege tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane

§1. Forskrifta er gitt av Sogn og Fjordane fylkeskommune og er heimla i lov om tannhelsetenester §5-1 tredje ledd.

§2. Dekking av skyssutgifter for pasientar i den offentlege tannhelsetenesta gjeld berre dersom pasienten ikkje får dekka reisa på anna måte.

§3. Tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane dekkjer skyssutgifter for prioritert klientell i gruppe A (barn og ungdom frå fødsel til og med det året dei fyller 18 år), gruppe B (psykisk utviklingshemma i og utanfor institusjon) og gruppe C2 (eldre, langtidssjuke og uføre med kommunal heimesjukepleie) jfr. Lov om tannhelsetenesta. Ordninga inngår ikkje i frikortordningar, og alle søknader om skyssrefusjon skal handsamast av den offentlege tannhelsetenesta.

§4. Det er den rimelegaste reisemåten (buss, båt) som vert dekka. Bil kan nyttast dersom helsetilstanden til pasienten eller rutetider for offentleg transport tilseier at dette er mest hensiktsmessig.

§5. Pasienten/ føresette må sjølv betale reisekostandane og få refundert desse i etterkant.

§6. Eigenandelen på kr. 1000,- er per kalenderår.

§7. Ved bruk av privat bil vil taksten pr km følgje Helsenorge.no sin standardsats for transport, fastsatt årleg av Stortinget.

§8. Overnatting vert ikkje dekka.

§9. Reiseutgifter for følgje til barn mellom 12 og 14 år kan verte dekka dersom særlege omstende. Særleg omstende ligg føre når reisevegen er over ein time per veg, eller er over 50 km, frå skule til tannklinikk.

§10. Tapt arbeidsforteneste for ledsagar vert ikkje dekka.

§11. Søknad om dekking av reiseutgifter må vere innsendt innan utgangen av året.

§12. Fylkesutvalet er klageinstans.

§13. Forskrifta tek til å gjelde frå 1. januar 2017.

Skjema for dekking av skyssutgifter 2017

Pasient eller føresett må fylle ut skjema for krav om dekking av skyssutgifter. Originale kvitteringar skal leggast ved kravet og leverast til tannklinikken.

Krav som gjeld vaksne betalande pasientar, og som har krav etter Folketrygdlova §5-6, skal sende krav til pasientreiser.no. Sogn og Fjordane fylkeskommune dekkjer ikkje skyssutgifter for andre enn pasientar i gruppe A, B og C2.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Elisabet Skrede
Fylkestannlege
Elisabet.Skrede@sfj.no
57 63 80 55

Siri Espedal Vold
Rådgjevande tannlege
Siri.Espedal.Vold@sfj.no
57 63 80 64

Relaterte lenker