Våre ansvarsområde

Våre ansvarsområde er

Opplæring

Sogn og Fjordane fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring for unge mellom 16 og 19 år og vaksne.

Fylkeskommunen har 12 vidaregåande skular med plass til om lag 4300 elevar. Dei fleste skulane gir tilbod innanfor både studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram. Fylkeskommunen har også ansvaret for at i underkant av 1100 lærlingar og lærekandidatar får vidaregåande opplæring i bedrift.

Fylkesdirektøren har det administrative ansvaret for at ungdom og vaksne får ei kvalitativt god vidaregåande opplæring som fører fram til studiekompetanse, fag-/sveinebrev eller annan kompetanse.

Mål- og strategidokumentet God-betre-best! (2012-2017) gir rammer og føringar for utviklinga av den vidaregåande opplæringa i Sogn og Fjordane.

Fagskulen i Sogn og Fjordane tilbyr utdanning i tekniske og maritime fag.
 

Her kan du lese meir om opplæring.

Samferdsle

Fylkeskommunen har ansvar for overorda samferdsleplanlegging i Sogn og Fjordane, både når det gjeld miljø, areal og folkesetnad. Ei av kjerneoppgåvene er å tilby kollektivtransport med buss og båt til innbyggjarane. Desse tenestene er samla under merkenamnet Kringom og på nettstaden www.kringom.no, som vert drifta av samferdsleavdelinga. Fylkeskommunen er også ansvarleg for fylkesvegnettet i Sogn og Fjordane. I tillegg har fylkeskommunen ansvar for utdeling av transportløyver, transport for funksjonshemma (TT-kort) og skuleskyss til elevar i vidaregåande skule.

Her kan du lese meir om samferdsle.

Kultur

Vi bidreg til å skape entusiasme og oppslutning om kultur og kulturmiljø i fylket. Fylkeskommunen støttar, utviklar, driv og utfordrar kulturlivet i Sogn og Fjordane.

Å ivareta kulturminne av regional og nasjonal verdi og handsame søknader og fordele midlar til mellom anna det frivillige kulturlivet er blant våre oppgåver. Vi forvaltar spelemiddelordninga, administrerer Den kulturelle skulesekken, driv musikkarbeid blant anna i samband med fylkes- og distriktsmusikarordningane, og ungdomsarbeid som til dømes Ungdommens kulturmønstring (UKM). Vi skal vere ein samarbeidspartnar med kompetanse som kan bidra både med informasjon og økonomisk stønad. Målet er å utvikle eit godt og variert kulturtilbod for alle innbyggjarar og vitjande i Sogn og Fjordane.

Her kan du lese meir om kultur.

Plan og samfunnsutvikling

Plansjefen har eit hovudansvar for fylkeskommunen sitt arbeid med planlegging etter plan og bygningslova. Vi yter hjelp og rettleiing til kommunane i deira planleggingsoppgåver. Planlegginga skal fremje bærekraftig utvikling til beste for den enkelte, samfunnet og framtidige generasjonar. Folkehelse, tettstadforming, prinsippet om universell utforming, omsynet til barn og unge sine oppvekstvilkår og estetisk utforming er viktige omsyn.

Plansjefen har ansvar for utviklingsarbeid knytt til klima og miljø, med vekt på klimaomstilling regionalt og lokalt.

Vi gir også fylkesstatistikk og analysar i Fylkesspegelen.

Plansjefen er med på å sette dagsorden i aktuelle saker knytt til samfunnsutviklinga lokalt og regionalt.

Her kan du lese meir om plan og samfunnsutvikling.

Næringsutvikling

Fylkeskommunen legg til rette for næringsutvikling i heile fylket. Gjennom partnarskap med ei lang rekke aktørar i fylket, er vi med på å gjere det mogleg å skape nye arbeidsplassar og nye næringar, samstundes som vi vidareutviklar dei eksisterande. Vi samarbeider tett med kommunane i fylket og Innovasjon Norge for at næringsliv og etablerarar skal lukkast.

Vi bidreg til auka verdiskaping i næringslivet, gjennom m.a. tiltak for innovasjon og nyskaping, utvikling av samspelet mellom næringsliv og forsking og mellom næringsliv og utdanning.

Her kan du lese meir om næringsutvikling.

Tannhelse

Fylkeskommunen tilbyr gratis tannbehandling til alle under 18 år. Det same gjeld personar med psykisk utviklingshemming, dei som bur i alders- og sjukeheim og brukarar av kommunal heimesjukepleie. Fylkeskommunen har ei rekke tannklinikkar i heile Sogn og Fjordane.


Her kan du lese meir om tannhelsetenesta.

 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven