www.eid.vgs.no

Utviklingsprosjekt hydrogen

Nettverk av private og offentlege aktørar kan no søkje fylkeskommunen om midlar til utviklingsprosjekt innan hydrogen. Støtteordninga har kome til etter at Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane bidrog med ei pengegåve med dette føremålet.

Sogn og Fjordane har sett i gang eit prosjekt for å etablere fylket som ein sterk region innanfor utvikling av hydrogen som energiberar og kommersialisering av hydrogenteknologi. Det er dette prosjektet som er bakgrunnen for tilskotsordninga, og du kan lese meir om det her.

Kva midlane skal gå til

Midlane som vert lyste ut skal gå til forprosjekt som bidreg til å drive fram utviklinga av hydrogenbaserte verdikjeder i regionen. Kvart prosjekt/kvar søkar kan motta inntil 400 000 kr. Element som kan inngå i ei slik verdikjede er hydrogenproduksjon basert på fornybar energi, infrastruktur for tanking, lagring og distribusjon samt eit sluttbrukarledd eller ein potensiell marknad innanfor fleire bruksområde. Andre ledd som inngår i hydrogenbaserte verdikjeder er mellom anna avklaring og oppfølging av regelverk, sikkerheitstiltak samt design, bygging og testing av brenselcelle- og hydrogenteknologi for ulike bruksområde.

Det er lagt vekt på å koordinere søknadsordninga med verkemidla til Innovasjon Noreg, og reine bedriftsretta prosjekt vert råda til å kontakte regionkontoret ved Rune Henjesand på e-post rune.henjesand@innovasjonorge.no.

Krav til søknad

Prosjekt som kan vise til eitt eller fleire av følgande kriterium vert prioriterte:

  • Eit nettverk av bedrifter og andre aktørar som bidreg i prosjektet.
  • Utvikling og deling av kunnskap i nettverket samt vilje til å formidle denne opent.
  • Overføringsverdi til det regionale arbeidet (Hydrogen Region Sogn og Fjordane).
  • Søkjelys på utdanning og kompetansebygging i næringslivet.
  • Involvering av ein eller fleire kommunar i prosjektet.

Følgande kriterium må vere oppfylte av alle som søkjer:

  • Midlane skal ha utløysande effekt på tiltaket.
  • 50 prosent av prosjektbudsjettet må kome frå eigen finansiering.

Eigen finansiering kan vere eigen arbeidsinnsats, då vert det lagt til grunn 600 kr i timesats. Tiltak som er ein naturleg del av drifta, samt vedlikehald eller investering i utstyr vert ikkje støtta.

Send inn søknad

Søkar må nytte skjema på www.regionalforvaltning.no for å sende inn søknad.

Søknadsfrist

Søknadsfristen er løpande, og ordninga varer til 31. desember 2017.

Bagatellmessig støtte

Midlane vert tildelte som såkalla bagatellmessig støtte, som er eit unntak frå det generelle forbodet mot offentleg støtte i EØS-avtalen. Det rettslege grunnlaget for tildeling av bagatellmessig støtte er gjeve i føresegn av 14. november 2008 nr. 1213 om gjennomføring av EØS - reglar om unntak frå notifikasjonsplikt for enkelte former for offentleg støtte.

For å kunne motta bagatellmessig støtte, er det eit krav at støttemottakar ikkje har motteke meir enn 200 000 euro over ei periode på tre rekneskapsår (eller 100 000 euro i veg-/transportsektoren).

For å kunne ta stilling til om vilkåra for slik tildeling er oppfylt, treng fylkeskommunen difor ei stadfesting på om søkar har motteke annan bagatellmessig støtte i inneverande og de to føregåande rekneskapsåra. Vi ber òg om at det vert opplyst om eventuell annan offentleg støtte som er motteke til det aktuelle prosjektet. Desse opplysingane vert fylte ut i same nettskjema.

Kommunar og andre einingar som ikkje er å rekne som føretak i EØS-avtalens si tyding, treng ikkje gje slike opplysningar. Slike einingar er ikkje omfatta av regelverket om offentleg støtte.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Elisabet Kjerstad Bøe
Prosjektleiar Hydrogen Region Sogn og Fjordane
915 91 548
elisabet.kjerstad.boe@sfj.no

Jan Heggheim
Fylkesdirektør for næring og kultur
905 66 623
jan.heggheim@sfj.no