Tre nøtter til Askepott

Utstilling – Tre nøtter til Askepott

Rundt om i foajeen på Eid vidaregåande skule vil du møte på tablå som gjev deg kjensle av noko kjent og kjært. Det er vg1 design og handverk og vg2 interiør- og utstillingsdesign som har gått saman for å få fram ei vinterstemning ved å lage utstilling med tema "Tre nøtter til Askepott". For mange er dette god julestemning.

Galleri

bilde1
bilde2
bilde3
bilde4
bilde5
bilde7
bilde8
bilde9
bilde10
bilde12
bilde 13
bilde 14

Elevane har i grupper på tvers av klasser fått eit tema og ein utstillingsplass i foajeen, og tid til å få fram si tolking av tema. Vi kan sjå Askepott som sit og skal sortere erter og linser, vi kan sjå Askepott som jeger, prinsesse på ball og som brur, vi kan sjå Askepott i lag med ugla si og vi kan sjå prinsen med skoen i handa. Elevane har jobba med komposisjon, fargeval og blikkfang i utstillingane sine, og dette kjem godt fram! Element dei har brukt i utstillingane har dei anten funne på skulen eller i Operaen sitt lager (heldige oss!), eller laga sjølv. 

 

Utstillingane vert ståande til over nyttår.

Tips ein ven Skriv ut