Utsleppsreduksjon

Eit av dei sentrale måla for fylkeskommunen er å oppnå utsleppsreduksjon av klimagassar i tråd med nasjonale mål.

Eit viktig grep i å redusere framtidige konsekvensar av klimaendringane er å redusere utslepp av klimagassar. Som eit resultat av klimaavtalen frå Paris skal Noreg redusere utsleppa sine frå ikkje-kvotepliktig sektor med 40 % innan 2030, samanlikna med 1990. Ikkje-kvotepliktig sektor er m.a. avfall, bygg, landbruk og transport.

Arbeidet med å redusere utslepp skjer både innad i eiga verksemd, men også i det utadretta arbeidet mot kommunar, samarbeidspartnarar og næringslivet.

Fylkeskommunen ynskjer at alle verksemder i fylket skal minske eigne utslepp. Difor har fylkeskommunen miljøsertifisert seg for å redusert eigne utslepp.

For å bli realisert er utsleppsreduksjon avhengig av klimavenlege løysingar. Fylkeskommunen ynskjer å legge til rette for ei samfunnsplanlegging som forenklar utsleppsreduksjon og oppmodar om nye klimavenlege løysingar.

Fylkeskommunen skal òg vere ein pådrivar for at regionalt næringsliv og landbruk ikkje berre er med på denne utviklinga, men og er med på å ta nyvinning i bruk. Til dømes er det ei rekkje nye alternative transportløysingar som må gjerast meir attraktive både for forbrukarar og for verksemder.

Stiftinga Miljøfyrtårn

Fylkeskommunen har inngått eit omfattande samarbeid med stiftinga Miljøfyrtårn. Både sentraladministrasjonen i Leikanger og Førde er miljøsertifiserte som Miljøfyrtårn gjennom hovudkontormodellen.

Denne forma for sertifisering forenklar prosessen for dei skulane som enno ikkje er med i ordninga. Samstundes får dei som er sertifiserte ei enklare oppgåve å resertifisere seg.

Dei fylkeskommunale tannklinikkane er per i dag ikkje sertifiserte, men dette er noko fylkeskommunen ynskjer å få til.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Mie Dahl Pind
Rådgjevar, klima og miljø
Mie.Dahl.Pind@sfj.no
45118231

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette