Urnes Stavkyrkje Panorama. Foto: Danforth1

Foto: Danforth1/Flickr.com

Urnes stavkyrkje

Hovudmålet med forvaltningsplanen vil vere å forvalte verdsarvminnet og dei verdiane det kan gi til den lokale og regionale verdiskapinga.

Verdsarvstatusen i dag omfattar Urnes stavkyrkje med mellomalderkyrkjegarden, inkludert ei sikringssone til fem meter utanfor murane. I arbeidet med forvaltningsplanen for buffersona må vi ta utgangspunkt i verdsarvminnet og dei behova som er på staden.

Stadskjensleprosjektet

Stadkjensleprosjektet og seinare intervju syner at tilreisande si opplevinga av stavkyrkja er sterkt knytt til natur- og kulturlandskapet. Dette bør takast vare på gjennom styrka landskapspleie og lokal beredskap.

Nedlegging av gardsdrift og tilpassingar til nye driftsformer i landbruket har ført til attgroing av område som tidlegare var ope kulturlandskap. Det er difor viktig å betre støtteordningar for å ta vare på kulturlandskapet, og for å sikre gode nok driftsvilkår til å oppretthalde gardsdrifta.

Kulturminne i området dekker eit stor tidsspenn. Kulturminna utgjer ein viktig del av historia til staden og legg føringar for kva som kan skje, samstundes som dei utgjer eit unikt utgangspunkt for identitet og formidling. Høgestein, gravhaugar, rydningsrøyser og nyare tids kulturminner er lette å ta i bruk i så måte.

Kva bygg er verneverdige?

Bygningsmiljøet har vore meir stabilt, men er i dag prega av at fleire bygg ikkje lenger er i bruk. Det er her viktig med ein kulturminneplanen som vil ta stilling til kva bygg som er verneverdige, og korleis bruken av desse kan vere og korleis vedlikehaldet skal finansierast. Dei mange turistane som besøkjer Urnes stavkyrkje kan òg vere ein ressurs for bruksendring for dei som ønskjer det. Manglande bruk og vedlikehald er eit trugsmål over tid, men brann kan føre til raske irreversible tap.

Undersøkingar syner at opplevinga av stilla og roa på Ornes er viktig. Dette er ei av dei rammene som bør sikrast med god styring av turiststraumen i høve bil- og busstransport, samt klare retningsliner for å unngå støyande reiselivsaktivitetar som til dømes sightseeingflyging med helikopter.

Endringar i landbruken

Folketalet på Ornes har gått ned dei siste åra. Hovudårsaka til dette er endringar i landbruket. Det er difor viktig å unngå ytterlegare reduksjon i landbruket. Samstundes bør det stimulerast til etablering av nye verksemder og vekst av eksisterande og gode pendlarvilkår. Vidare bør rammevilkår som bidreg til auka bulyst styrkast. Ornes har tette samband med delar av sørsida, samt Solvorn. For at Ornes skal vere sterk er vidare samarbeid med nabogrendene sentralt. Godt samband over fjorden, og trygg sørsideveg er framheva som svært viktig.

Det er komplekse utfordringar med forvaltning av landskapet rundt Ornes. Det er difor føreslege ei grense for buffersone, som og vert fremja som forslag til omsynssone i kommunedelplan for arealbruk. Betring av dei langsiktige rammevilkåra er sentralt for dei som driv gardsdrift, næringsverksemd og som bur på Ornes og dei nære omgjevnadane. Ei UNESCO-godkjent buffersone er truleg naudsynt for å styrke dei langsiktige rammevilkåra. I tillegg bør det gjevast føringar i kommuneplanen på kva som vil vere rammer for tiltak innafor den føreslegne omsynssona

Forvaltningsplan for Ornes

Vedlegg

  1. Sluttrapport Urnesprosjektet, 2008
  2. Fagrapport 1-2009 Aurland naturverkstad
  3. Stadkjensleprosjektet 2009, Aurland naturverkstad (vedlegg i fagrapport 1-2009)
  4. Utdrag fra fagrapporten til forvaltningsplanarbeidet for Solvorn, 2012
  5. Skjøtselsplan del 1 2011, Aurland naturverkstad
  6. Notat 1-2011, Makro-Meso-Mikro Ornes synfaring, registrering…, Mona Steinsland
  7. Notat 2-2011, Samfunnsrom og møtestader Siren Skråmestø Juliussen og Mona Steinsland
  8. Notat 1-2012 Kulturminne, Arlen Bidne og Truls Folkestad
  9. Notat 2-2012 Kulturlandskap, Arlen Bidne
  10. Aktuelle kjelder for tilskot mv. 2012
  11. Retrospective Statement of Outstanding Universal Value, Urnes Stave Church
  12. Vedtak med saksutgreiing Luster kommune
  13. Vedtak med saksutgreiing Sogn og Fjordane fylkeskommune

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Torbjørn Hasund
Rådgjevar
Torbjorn.Hasund@sfj.no
930 04 685

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette