Ungdomsrett

Ungdomsrett gjeld for deg som

  • er mellom 16 og 24 år
  • har fullført norsk grunnskule eller minst niårig grunnskule i utlandet
  • ikkje har fullført vidaregåande opplæring frå før eller ikkje får godkjent tidligare gjennomført vidaregåande opplæring frå eit anna land enn Noreg

Dersom du fyller 25 år i opplæringsløpet ditt, vil du få «vaksenrett» frå og med skuleåret du fyller 25. Opplæringa vil då bli gitt etter opplæringslova § 4A-3. Dette kan medføre endringar i opplæringa di. Kontakt fylkeskommunen om du ynskjer meir informasjon om dette.

Søking med ungdomsrett

Med ungdomsrett veljer du tre studieprogram på vigo.no. For kvart av disse kan du velje tre skular som tilbyr dette studieprogrammet. Til saman blir det ni val. Du har rett til skuleplass på eitt av studieprogramma du har valt, men tilbodet kan vere på ein annan skule enn du søkte om. Inntaket baserer seg på karakterar frå norsk grunnskule. Om du har grunnskule frå utlandet vil du difor ikkje kunne konkurrere med elevar med norsk vitnemål, og kanskje ikkje komme inn på førstevalet ditt. Då kan grunnskule for minoritetsspråkleg ungdom vere eit alternativ.

Sjå på vilbli.no for ein oversikt over dei ulike skulane og studieprogramma i Sogn og Fjordane. Søkjarhandboka kjem ut kvart år og gjev ein oversikt over studietilbod og skulane i Sogn og Fjordane.

Sjå  også opplæringslova § 3-1 og på vilbli.no for meir informasjon.

Spesielle rettar

Du som minoritetsspråkleg har dei same rettane som andre elevar. I tillegg kan du ha rett til noko meir:

  • Om du søkjer ordinær opplæring på ein vidaregåande skule, kan du ha rett til særskilt språkopplæring sjå opplæringslova  § 3-12. Du må då søkje med vedleggsskjema. Denne retten gjeld ikkje i innføringsgrupper eller grunnskule for minoritetsspråkleg ungdom, då dette er opplæringstilbod som i seg sjølv reknast som særskilt tilrettelagt.
  • Om du har fått vedtak om særskilt språkopplæring kan du også få rett til utvida tid etter opplæringslova § 3-1 femte ledd. Dette kan ha ein varighet på maksimalt to år.
  • Hugs at søknadsfristen er 1. februar om du søkjer med vedleggsskjema.
  • Du kan søkje om inntak til grunnskule for minoritetsspråkleg ungdom.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Yrla Klein
prosjektmedarbeidar integrering
yrla.klein@sfj.no
403 49 549

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00