Idedugnad på fylkesting for ungdom. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Idedugnad på fylkesting for ungdom. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Ungdomsdemokrati

Barn og unge sine meiningar skal verte høyrde i saker som er viktige både regionalt og lokalt. Fylkesting for ungdom (FFU) og ungdomspolitisk utval (UPU) er ein sentral del av ungdomsdemokratiet i Sogn og Fjordane fylkeskommune. 

Kvart år deltek ungdom frå heile fylket på fylkestinget for ungdom. Fylkestinget vedtok allereie i 1995 at fylkeskommunen skulle ta ansvar for å arrangere fylkesting for ungdom kvart år, og mellom desse møta arbeider UPU, som vert valgt av FFU, med å følgje opp saker som det vert gjort vedtak i eller som vert peika ut som viktige. Arbeidet med fylkesting for ungdom og ungdomspolitisk utval er ein viktig del av demokratiopplæringa for unge i fylket.

Les meir om:

Ungdomsråd i Sogn og Fjordane

Kva er eit ungdomsråd?

Eit ungdomsråd er ei gruppe ungdommar som representerer ungdom der dei bur, det vil seie i kommunen eller i fylkeskommunen. Ungdomsrådet skal få seie sin meining om alt som er viktig for barn og unge. Nokre kommunar brukar namnet ungdomsråd, mens andre kallar det ungdommens kommunestyre eller ungdommens bystyre.

Meninga med ungdomsråd er at ungdom skal få seie si meining om politikken i kommunen. Det kan til dømes vere dersom:

  • det skal byggast en ny idrettshall
  • det skal gjerast endringar i kollektivtilbodet
  • fritidsklubbar skal leggast ned

I nokre kommunar har ungdommane talerett i kommunestyret. Der kan dei få snakke direkte til vaksne politikarar om ting som er viktige for barn og unge. På ung.no kan du lese meir om ungdomsråd og finne ut av om det finnast i din kommune.

Ungdomspolitisk utval og ungdomsråda i fylket

Medlemane i ungdomspolitisk utval (UPU) i Sogn og Fjordane skal mellom anna følgje opp ungdomsråda i fylket gjennom året, og drive opplæring i korleis å drive eit ungdomsråd. Kvart år arrangerer UPU ei nettverkssamling der representantar frå ungdomsråd i fylket kan få opplæring i korleis ein driv eit ungdomsråd. Medlemmane i UPU har også kvar sine «fadderråd» som dei følgjer  opp ved å ha kontakt med leiar, delta på møter og så vidare:

    Nettverkssamling for ungdomsråd

    Kvart år arrangerer UPU ei nettverkssamlinga for ungdomsråda i fylket. Samlinga handlar om opplæring i arbeid med ungdomsråd. Helga er fylt med kurs, opplæring og føredrag om ungdomsrådsarbeid, og mange sosiale aktivitetar.

    Framlegg til retningslinjer for ungdomsråd

    Ungdomspolitisk utval (UPU) i Sogn og Fjordane har laga eit forslag til retningslinjer for ungdomsråda i fylket. Det er fylkesting for ungdom som har gitt utvalet oppgåva med å utarbeide retningslinjer for oppbygginga av ungdomsråda og oppgåvene dei skal utføre.

    Fylkesting for ungdom sitt vedtak frå mars 2014 er slik: «Fylkesting for ungdom meiner at ungdomspolitisk utval må utarbeide retningslinjer for oppbygginga av ungdomsråda, og for oppgåvene deira».

    Framlegget til retningslinjer er utvalet si tolking og meining i høve start og drift av ungdomsråda, og det er opp til kommunane sjølv å avgjere i kva grad dei ynskjer å nytte retningslinjene. Framlegget til retningsliner kan du lese her.

    Fylkesting for ungdom 2013. Foto Jenny Magnusson - Sogn og Fjordane fylkeskommune.jpg

    Del dette:

    Tips ein ven Skriv ut

    Kontakt

    Ole Martini
    Leiar, ungdomspolitisk utval
    ungdomspolitiskutval@sfj.no
    413 93 028

    Guro Høyvik
    Rådgjevar
    Ungdomsdemokrati
    guro.hoyvik@sfj.no
    415 30 608

    Tip a friendTips ein ven

    Kontaktinfo

    Jenny Følling
    Fylkesordførar
    jenny.folling@sfj.no 
    479 05 990

    Åshild Kjelsnes
    Fylkesvaraordførar
    ashild.kjelsnes@sfj.no
    918 88 568

    Kristin Rundsveen
    Rådgjevar for fylkesordføraren
    kristin.rundsveen@sfj.no
    908 90 713