Foto av tre jenter på veg over ei bru i Førde. Dei smiler og ler, det er sommar, og i bakgrunnen ser vi Hafstad vidaregåande skule.

Foto: Oskar Andersen/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Ungdomane trivst godt i fylket

Resultata frå vårens Ungdata-undersøking syner at ungdom i Sogn og Fjordane skårar litt betre enn landsgjennomsnittet på spørsmål om skule, nærmiljø og forholdet til foreldra.

Om lag 5400 ungdommar frå ungdomsskular og vidaregåande skular i Sogn og Fjordane gjennomførte i mars og april 2017 Ungdata-undersøkinga.

Resultata frå Sogn og Fjordane ligg stort sett nær dei nasjonale resultata, men på enkelte indikatorar ligg Sogn og Fjordane altså over gjennomsnittet.

Trivst og er trygge

Fleirtalet av ungdomane kjenner seg trygge i nærmiljøet sitt når dei ferdast ute om kveldane. Dei er generelt nøgde med lokalmiljøet der dei bur, og dei har eit godt forhold til foreldra sine. På spørsmål om dei kunne tenkje seg å bu i kommunen sin når dei vert vaksne, svarer berre om lag ein av fem nei. Resten svarer ja eller veit ikkje. Mange av ungdomane opplever «svært bra» eller «nokså bra» tilgang til idrettsanlegg og kulturtilbod der dei bur.

– Det er kjekt høyre at ungdomane våre trivst godt – og ikkje minst er det veldig flott at mange også ser føre seg ei framtid her. Men vi må ikkje kvile på laurbæra sjølv om vi får slike resultat i fanget. Arbeidet med barn og ungdom, og at dei skal ha det bra både heime, på skule og i fritida si, er noko vi politikarar alltid må prioritere, seier fylkesordførar Jenny Følling.

Å skape gode vilkår for oppvekst er sentralt i lokal politikkutforming. Årets Ungdata-konferanse 15. november 2017 rettar difor merksemda mot kva innverknad geografisk stad har på ungdoms liv i dag.

Viktig undersøking

Kamilla Rivedal er ein av fem medlemmer i Ungdomspolitisk utval (UPU). Ho meiner Ungdata-undersøkinga er eit bra tiltak for å få eit betre innblikk i livet til ungdommen i fylket.

– Det er mange spørsmål og svar, men eg håpar både politikarar og dei som jobbar med barn og unge tek seg tid til å lese resultata av undersøkinga. Eg trur det er viktig for å skape eit endå betre samfunn for ungdomane i fylket, seier Rivedal.

Resultata frå undersøkinga i Sogn og Fjordane er summert opp i to rapportar, ein for ungdomskulane og ein for vidaregåande skule. I rapportane vert resultata for Sogn og Fjordane samanlikna med landsrepresentative tal som er baserte på Ungdata-undersøkingar gjennomførte over heile landet i perioden 2014–2016.

Trivst, men kjedar seg

Noko anna som kjem fram i undersøkinga, er at både jenter og gutar i fylket trivst på skulen. Men nærare halvparten kjedar seg på skulen, sjølv om dei trivst. Rivedal i UPU forklarer dette med at skule er meir enn skule.

Vi tenkjer at det å trivast går på venner og det sosiale. Det å kjede seg kan gå meir på undervisninga og faga. Timane kan vere kjedelege, men skulen er ein av dei største sosiale arenaene for ungdom. Der møter vi venner kvar einaste dag, og det er ein stad med hyggeleg atmosfære, seier ho.

Over dobbelt så mange jenter som gutar føler seg utslitne og stressa over skulearbeid, noko som gjeld for ungdom over heile landet.

Oppfølging av undersøkinga

Om lag 50 personar frå kommunar og vidaregåande skular i fylket var samla på Skei 1. juni for å få presentert resultata frå Ungdata-undersøkinga 2017. Randi Vartdal Knoff og Erik Iversen frå Korus Vest Bergen viste fram utvalde resultat på fylkesnivå.

Fylkesutvalet får presentert resultatet av undersøkinga over sommaren. I den kommande tida skal fylkeskommunen jobbe vidare med resultata for sjå kva oppfølging som trengs. I tillegg vil kommunane og dei vidaregåande skulane få tilsendt rapporta med resultat på kommunenivå og for sin skule.

Ungdata-undersøkinga er omfattande og inneheld ei stor datamengd, som gir ei unik moglegheit til å få innsikt i korleis ungdom har det. Det er interessant lesing for alle som arbeider med eller er opptekne av oppvekstvilkåra til barn og unge. God statistikk kan bidra til å leggje godt til rette for eit godt psykososialt læringsmiljø ved skulane våre.

Rapportar

Presentasjonar

For meir informasjon

Mie Dahl Pind
rådgjevar
mie.dahl.pind@sfj.no
57 63 80 26

Synnøve Stalheim
plansjef
Synnove.stalheim@sfj.no
478 97 260

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette