www.eid.vgs.no

To dansarar på landsmønstringa i Trondheim 2015.

To dansarar på UKM-festivalen i Trondheim 2015. Foto: UKM Norge, Magna Sofie Neuberg

UKM

UKM (Ung kultur møtest) er eit nettverk av små festivalar lokalt og regionalt der ungdom mellom 13 og 20 år kan delta med alle slags kulturuttrykk. Ein kan også delta som konferansier, i UKM Media eller som ung arrangør. I mange kommunar er aldersgrensa 10 til 20 år. 

All påmelding skjer via den nasjonale nettsida til UKM. 

UKM i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane fylkeskommune har ansvar for arbeidet med UKM på regionalt nivå, og for gjennomføringa av UKM-festivalen Sogn og Fjordane.

Kommunanen plukkar ut ungdommar på sine arrangement som får representere kommunen på festivalen. Sogn og Fjordane fylkeskommune sender i neste omgang om lag 30 ungdommar som representantar for fylket til den nasjonale UKM-festivalen.

UKM-festivalen Sogn og Fjordane 2017 vert arrangert i HLyanger frå 30. mars til 2. april med OnCue Music Productions AS som hovudarrangør.

Meir informasjon om UKM-arbeidet i Sogn og Fjordane finn du på nettsida. Du kan også følgje UKM Sogn og Fjordane på Facebook. 

URG Sogn og Fjordane

URG står for Ungdommens ressursgruppe. Det er ei gruppe ungdommar frå ulike delar av fylket som skal komme med innspel og idear til korleis UKM i Sogn og Fjordane kan bli enda betre. Gruppa vert leia av Jenny Hatlelid Holsæter frå Årdal. Ho er også fylket sin representant i eit tilsvarande gruppe nasjonalt. 

Ler meir om URG her. 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Eva Kristin Svidal
Rådgjevar
UKM
eva.kristin.svidal@sfj.no
911 69 693

Jenny Hatlelid Holsæter Leiar URG Sogn og Fjordane sognogfjordane@urg.ukm.no

Eksterne lenker