Turskiltprosjekt

Føremålet med det nasjonale «Turskiltprosjektet» er å medverke til at friluftsferdselen der folk bur og oppheld seg, vert auka og tryggja.

Det vil vi gjere gjennom informasjon, skilting og merking. Dette inneber at fylkeskommunen saman med Gjensidigestiftelsen har sett av tilskotsmidlar til merking og gradering av turløyper i Sogn og Fjordane. Det er, for Sogn og Fjordane sin del, ei vidareføring av Vestlandsprosjektet for merking og gradering av turløyper, som starta opp i 2011.

Søknadsfristen er 15. februar.
Her er lenkje til søknadsskjema 

 

Kven kan søkje?

  • Frivijuge organisasjonar og foreiningar (idrettslag, speidarforeiningar, grendelag, velforeiningar, turlag osv) registrert med organisasjonsnummer i det offentlige friviljugheitsregisteret.
  • Interkommunale friluftsråd.
  • Kommunar, reiselivsorganisasjonar, hytteforeiningar og andre interessentar kan søkje saman med ein frivijuge organisasjon(kategori1) el. eit interkommunalt friluftsråd(kategori2).

Kva vert støtta?

Prosjektmidlane skal gå til merking og skilting av turruter i tråd med:

  • Merkehåndboka 2013– utg.: Den Norske Turistforening, Friluftsrådenes Landsforbund og Innovasjon Norge, 2013 - www.merkehandboka.no 
  • «Manual – Turskiltprosjektet», Turskiltprosjektet 2015 - www.turskiltprosjektet.no 

Merkestandarden og manualen byggjer på Merkehåndbokas retningsliner og råd for skilting og merking, samt eit verkty for gradering som tar omsyn til vanskegrad.

Støtta går berre til innkjøp og produksjon av skilt, merking og infotavler (inkludert innfestingsmateriell/anna festemateriell) samt til informasjon knytt til tavlene og til turkort, sjå Manual – Turskiltprosjektet. Det vert ikkje gjeve støtte til anna infomateriell, utbetring av sjølve turruta, marknadsføring eller til planlegging.

Alle typar turruter som er omtalt i Merkehåndboka kan få støtte.

Kva turruter vert prioritert?

  • Turruter nær der folk bur og oppheld seg
  • Turruter i tilknytning til fyrtårn i reiselivet, sjå oversikt her
  • Turruter som er ferdig prosjektert (planlagt) 
  • Turruter med potensial for stor bruk
  • Turruter knytt til haldeplass/knutepunkt for kollektiv transport
  • Samarbeidsprosjekt der fleire partar deltar
  • Prosjekt som legg opp til dokumentasjon av bruken (elektronisk, turpostkasser eller liknande)

Krav til kvart einskild prosjekt for skilting og merking

  • Merkehandboka skal følgjast.
  • Minst ein ansvarleg gjennomfører eit «skilt- og merkekurs» i regi av det nasjonale prosjektet (med mindre vedkommande kan dokumentere tilsvarande kompetanse).
  • Det må dokumenterast korleis drift og vedlikehald skal skje i minimum ein 10-årsperiode frå det tidspunkt prosjekt er ferdigstilt (f. eks. inngått vedlikehaldsavtale, styrevedtak i lag/foreining, eller tilsvarande).
  • Den ansvarlege organisasjon/aktør skal ha logo eller namn på skilt eller skiltstolpe, sjå også Manual – Turskiltprosjektet.
  • Informasjonstavler og turkort knytt til turruter skal ha følgjande logo-element: 1)Gjensidigestiftelsen, 2)Sogn og Fjordane fylkeskommune og 3)den som har ansvar for skilting og merking av den (dei) aktuelle turruta (ene), sjå også Manual for Turskiltprosjektet.
  • Det må vera inngått skriftleg avtale med grunneigarar før tilskot vert utbetalt og tiltak sett i verk (inkl. avtalar med Vegvesen / kommune langs offentlig veg). Grunneigaravtalar skal gjelde for minimum 10 år.
  • Kommunen skal ha melding om skilting, merking og infotiltak (orienteringstavler med info og kart) før arbeid vert sett i gang.
  • Nye turruter, samt endringar av eksisterande, skal leggjast inn på www.rettikartet.no eller på handteikna kartskisse, jfr. vedlegg i www.merkehandboka.no .
  • Turforslag med utgangspunkt i nye skilt og merketiltak skal GPS-loggast og leggast inn på ein av dei nasjonale turportalane, for eksempel www.ut.no eller www.godtur.no.
  • Det skal sendast rapport til fylkeskommunen når turruta er ferdig merka, skilta og registrert, jf. årshjulet under.

 

Årshjul for lag, foreiningar, friluftsråd og andre søkjarar: Søknadsfristar, kurs, tildeling, rapportering

 

 

Fylkeskommunen offentliggjer og informerer kommunar, lag, foreiningar, reisemålsselskap og andre om «turskilt-midlar» som det kan søkjast på

Oktober, november, desember, januar

1

Søknadsfrist til Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 LEIKANGER

15. februar
2

Melding frå fylkeskommune til søkjar.

Innan 1. april
3

Obligatorisk skilt og merkekurs for søker som har fått løyvd midlar (med mindre tilsvarande kompetanse kan dokumenterast).

Gjennomføringsperiode april, mai, juni
4

Utbetaling frå fylkeskommunen til søkjar etter gjennomført skilt- og merkekurs (75% av løyving).

Utbetalingsperiode etter gjennomført kurs

april, mai, juni

5

Tiltaksperiode med merking, skilting osv, inntil 19 månadar.

Frå april til 1. november neste kalendarår
6

Statusrapportering til fylkeskommunen frå søkjar.

Innan 30. november

7

Sluttrapportering til fylkeskommunen frå søkjar.

Innan 30. november året etter løyving er gjeve.

8

Sluttutbetaling frå fylkeskommunen.

Innan 15. desember – året etter løyving er gjeve

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Lars Grøteide
Seniorrådgjevar
lars.groteide@sfj.no
41530992

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven