www.eid.vgs.no

Inne i Lærdalstunnelen er det fleire hulrom. Dette hulrommet er lyst opp av blått lys. Foto: Rolf M. Sørensen

Foto: Rolf M. Sørensen

Tunnel

Det er om lag 140 fylkesvegtunnelar i Sogn og Fjordane. Det er registrert eit behov på om lag 2,6 mrd. kr for å fjerne forfall og gjere nødvendig oppgradering på desse tunnelane.

Det er store utfordringar med forfall på fylkesvegnettet. Utfordringane kan beskrivas slik:

  • Tunnelinspeksjonar og tilsyn med elektroanlegg avdekker dårleg teknisk tilstand i mange tunnelar.
  • Teknisk utstyr vert svekka av miljø og alder.
  • Det lokale el-tilsynet har fullmakt til å stenge av elektriske anlegg dersom tilstanden er vurdert som risikofylt, eller pålegg ikkje vert fylgt opp av anleggseigar.

Tunneltryggleiksforskrift

I januar 2015 tok tunneltryggleiksforskrift for fylkesvegtunnelar til å gjelde. Føremålet med forskrifta er å sikre eit lågast tillatne tryggleiksnivå for trafikkantar i tunnelar. Forskrifta stiller krav om å førebygge kritiske hendingar som kan sette menneskeliv, miljø og tunnelanlegg i fare og til å sørgje for vern i tilfelle ulukker.

Forskrifta gjeld på fylkesveg for

  • tunnelar som er i bruk
  • tunnelar under bygging
  • tunnelar under prosjektering

Forskrifta gjeld for tunnelar som

  • er 500 meter eller lengre
  • har ein gjennomsnittleg årsdøgertrafikk (ÅDT) på 300 køyretøy eller meir

Krav til tunnelar som er i bruk

For eksisterande tunnelar som ikkje oppfyller krava i forskrifta, skal fylkeskommunen utarbeide ein plan for tilpassing av tunnelane til forskrifta. Fylkeskommunen er i ferd med å utarbeide ein plan for rehabilitering av eksisterande fylkesvegtunnelar etter krava i forskrifta. Planarbeidet vert utført av Statens vegvesen og skal vere ferdig i løpet 2015. 

Rehabilitering av tunnelar for å oppfylle krava til tryggleiksnivå i forskrifta, skal vere fullført innan 1.1.2020. Fylkeskommunar med mange tunnelar kan søke om forlenga frist med inntil fem år.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Relaterte lenker