www.eid.vgs.no

Trygge lokalsamfunn

Trygge lokalsamfunn

Forsking viser at denne modellen har effekt, og at ulykkesrisikoen for mange aldersgrupper og skadetypar kan reduserast med 25 til 40 prosent dersom ein klarer å mobilisere sentrale instansar, næringsliv og frivillige organisasjonar i eit samordna arbeid både lokalt og regionalt.

I 2005 vart Sogn og Fjordane fylkeskommune utnemnt som eit Trygt fylke i WHO sitt globale nettverk av Safe Communities. Fylkeskommunen vart re-godkjent i 2011 etter nasjonale kriteria for «Trygge lokalsamfunn» (TL).

Samferdsle, vidaregåande opplæring, tannhelsetenesta og plan og samfunnsavdelinga deltek med ulykkesførebyggande innsats på sine ansvarsområde. Fylkestrafikktryggingsutvalet er òg ein sentral og aktiv part.

I 2012/13 starta fylkeskommunen ei satsing på TL-modellen saman med tolv kommunar i fylket. Fire av desse har ei målsetting om å bli godkjent som Trygge lokalsamfunn. To kommunar i fylket, Årdal og Høyanger, har allereie denne statusen.

Ulykker som helseutfordring

Kvar dag treng omlag 1300 personar i Noreg legehjelp etter ei ulykke. Av desse vil om lag 140 bli lagt inn på sjukehus, og fire til fem vil dø. Det er vanskeleg å dokumentere kva desse ulykker kostar samfunnet i personleg liding og faktiske kostnader, men det finst tal som estimerer kostnader på minimum 50 milliardar kroner kvart år. Eit enkelt lårhalsbrot kostar om lag 400 000 kroner i behandling og rehabilitering, og vi har nærare 10 000 lårhalsbrot kvart år i Noreg.

Statistikken frå Folkehelseinstituttet (FHI) viser at Sogn og Fjordane ikkje har færre ulykker og hoftebrot enn landsnittet.

Skadeforebyggende forum har det nasjonale sekretariatet for Trygge lokalsamfunn. spesielt.
Her kan du lese meir om ulykker generelt og Trygge lokalsamfunn.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Anne-Lene Norman
Rådgjevar
Anne-Lene.Norman@sfj.no
415 30 378

Relaterte lenker