www.eid.vgs.no

Trafikktryggingstiltak i kommunane

Midla vert primært nytta til tiltak for skuleveg eller ved skule/barnehage. Det er kommunen som koordinerer tiltak og sender inn søknad om tilskot.

Rammene til fordeling vil vere klar etter fylkestinget si handsaming av budsjettet i desember kvart år. 

Tilskotsordninga vil bli annonsert i løpet oktober kvart år med søknadsfrist som hovudregel 1. desember.

Krav til innhald i søknaden:

  • Kva kommune som søkjer. Bank-/postgirokonto og organisasjonsnummer
  • Fagleg omtale av tiltaket. Eige prosjektskjema skal fyllast ut for kvart enkelt tiltak
  • Detaljplan
  • Spesifisert kostnad for tiltaket
  • Finansieringsplan
  • Framdriftsplan
  • Stadfesting på at eigendel vert løyvd
  • Stadfesting om at kommunen har gyldig trafikktryggingsplan

Dårleg dokumenterte søknader blir ikkje prioriterte ved tildeling.

Krav til søknaden sitt innhald

  • Kommunen kan søkja om midlar til tiltal på kommunal veg og føreslå tiltak på fylkesvegnettet, i spesielle tilfelle også riksvegnettet. Ved søknad om midlar til fleire tiltak frå ein kommune, må kommunen prioritere tiltaka.
  • Det kan maksimalt søkjast om 75 prosent av tiltaket sitt kostnadsoverslag.
  • Kommunen er ansvarleg for restfinansiering av omsøkte tiltak

Tildeling

Det er Fylkestrafikktryggingsutvalet (FTU) som fordeler midla av tilskotsordninga «Trafikktryggingstiltak i kommunane» (TIK-midlar).

FTU prioriterer tiltak som legg til rette for trygg tilkomst ved eller til skular og barnehagar. Dette kan vere tiltak som snuplassar, tilrettelegging for av-/påstigning, buss/privatbil, separering køyretøy/mjuke trafikantar m.m.

Generelt vil tildeling i utgangspunktet følgje kommunane sine prioriteringar, men kostnad på tiltak og kor mykje kommunen samlar har fått av tilskot dei siste åra, kan gjera at lågare prioriterte tiltak får tilskot. Dersom det er andre årsaker til at eit tiltak ikkje får tildeling, vil kommunen verte kontakta.

Statens vegvesen, vegavdeling Sogn og Fjordane, har sekretariatsfunksjon for FTU. Spørsmål som gjeld tilskotsordninga skal gå til sekretariatet.

Ferdigmelding og dokumentasjon

Tilskot vert utbetalt når Statens vegvesen får melding om at tiltaket er utført.

  • For enkeltprosjektet med tilskot opp til 100.000 kroner skal kostnadane dokumenterast med avsluttande rekneskap.
  • For enkeltprosjekt med tilskot på 100.000 kroner eller meir skal kostnadane dokumenterast med avsluttande rekneskap og i tillegg godkjennast av revisor.

Det kan søkjast om utsetjing av ferdigmelding dersom tiltaket er starta opp, men av spesielle årsaker ikkje kan ferdigstillast.

Utbetaling

Det vert ikkje utbetalt meir enn tildelt, sjølv om tiltaka fell dyrare enn kostnadsoverslaget. Det er difor viktig med realistiske planar og overslag.

Tiltak som får midlar må vere meldt ferdig seinast 30. november det året tilskotet er tildelt.

Tiltak som ikkje er ferdigstilt eller har fått utsetjing innan den tid, kan miste tilskotet.

Vi viser elles til Instruks for forvaltning av tilskot til trafikktryggingstiltak i kommunane og prosjektskjema.

Søknad om tiltak sendast:

Statens vegvesen, Region vest
Askedalen 4
6863 Leikanger

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker