www.eid.vgs.no

 Trafikktryggingsprisen 2014 vart delt ut på fylkestinget i oktober 2014. Vinnaren var Vik Idrettslag, Asbjørn Hønsi og Ann Kristin Flatland. Anne Jorunn Fjærestad, leiar i Vik Idrettslag, tok i mot prisen på vegner av dei. Fjærestad står her på podiet framfor fylkestinget og takkar for prisen.

Trafikktryggingsprisen

Trafikktryggingsprisen vert delt ut til enkeltpersonar, lag og foreiningar, grupper og institusjonar som har gjort ein innsats innan trafikktryggingsarbeidet.

Prisen er på 25 000 kroner og eit diplom, og vert tildelt av Fylkestinget i oktober kvart år.

Trafikktryggingsprisen vart delt ut for første gong av Fylkestrafikktryggingsutvalet i 1995.

Tidlegare prisvinnarar

År Prisvinnar Grunngjeving for prisen
2016 Anna og Helga Brakstad For innsatsen sin for mjuke trafikantar langs fv. 57 ved Heggelund i Gulen.
2015 Redningsselskapet For det store og viktige arbeidet selskapet gjer i Sogn og Fjordane
2014 Vik idrettslag For å ha realisert ei asfaltert rulleskiløype i Vik.
2013 Fylkesordførar Åshild Kjelsnes For lang tids arbeid med trafikktrygging og rassikring.
2012 Våge Kvinne og familielag For imponerande dugnadsånd for veglys i Fjaler.
2011 Markane Idrettslag i Stryn For bygging av rulleskianlegget på Ullsheim.
2010 Statkraft Energi AS, Region Midt For å ha gjennomført kurs for alle tilsette innafor "Trafikktrygging som del av internkontrollsystemet".
2009 Leikanger Taxisentral For å ha gitt grunnideen til Trygt Heim.
2008 Ikkje tildelt  
2007 Ikkje tildelt  
2006 Trudvang skule, Sogndal For godt trafikktryggingsarbeid ved skule.
2005 Magnus Nistad Transportforretning AS For gjennomføring av programmet "Val av risiko".
2004

Firda vidaregåande skule
Asgeir Støylen
Jan Bjørlo

For gjennomføring av trafikkopplæringsprogrammet "Valfag trafikk" i vidaregåande skule.
2003 Sogn og Fjordane Fotballkrets For satsing på trafikktrygging gjennom kampanjen "0–0".
2002 Luster Bygdalag For engasjement over år for å sikre born med å bygge gangveg langs rv. 55 gjennom Dale i Luster.
2001 "Aksjonsgruppa for rassikring av vegstrekninga Sogndal–Leikanger"

For målretta arbeid for å få aksept for at rassikring vert sett på dagsorden.

 

2000 Eldbjørg og Leif Vinsrygg For arrangementet Fylkesfinale i sykkelløp.
1999 Kåre Ljones For kampanjen "Sei ifrå".
1998 Johan Johannessen
Jan Andreas Olsen
Vidar Lægreid
For eit engasjement i trafikktryggingsarbeidet utover det ein kan forvente i det daglege arbeidet.
1997 "Arbeidsgruppa mot ulukker" i Leikanger kommune For prosjektet "Tryggare Leikanger – felles ansvar" med m.a. utarbeiding av tryggleiksheftet "Kven – kva – kvar – trafikktryggleik i Leikanger".
1996 Prosjektet "Årdal tenk tryggleik" For å setje trafikktryggingsarbeidet i lokalsamfunnet i system etter parallellar til industriell tenking.
1995 Oddvar Træen
Kristen Olav Grøttebø
Jan Olav Harsjøen
Som utøvarar i gjennomføringa av Trygg Trafikk sin informasjonskampanje "Ikkje tøft å vere død".

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker