Foto frå utdelinga av trafikktryggingsprisen 2017. Aleksander Øren Heen, som tok imot prisen på vegne av Årdal kommune, står mellom fylkesordførar Jenny Følling og Noralv Distad. Heen held ein blomsterbukett, ein diplom og ein sjekk på 25 000 kr.

Trafikktryggingsprisen 2017 gjekk til Årdal kommune, og Aleksander Øren Heen tok imot prisen på vegne av kommunen. (Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Trafikktryggingsprisen til Årdal kommune

Kommunen får prisen for å ha blitt godkjent som Trafikksikker kommune, som første kommune i fylket, tidlegare i år.

Godkjenninga som Trafikksikker kommune blir gitt av Trygg Trafikk, og betyr at kommunen oppfyller ei rekke kriterium. Alle barnehagane i Årdal er godkjende som trafikksikre barnehagar og skulane som trafikksikre skular. Fylkestrafikktryggingsprisen vert delt ut av trafikktryggingsutvalet i fylkeskommunen.

Godt arbeid gjennom mange år

– Årdal kommune har gjennom mange år jobba målbevist med trafikktryggleik og er på mange måtar eit førebilete for andre kommunar i fylket i arbeidet med trafikktrygging. Gjennom tildeling av Trafikktryggingsprisen 2017 ønskjer fylkestrafikktryggingsutvalet å heidre det gode arbeidet som Årdal kommune har gjort innan trafikktrygging gjennom mange år, sa leiar i trafikktryggingsutvalet Noralv Distad då han delte ut prisen.

Aleksander Øren Heen tok imot prisen på 25 000 kroner på vegne av kommunen.

Godt og målbevisst arbeid

Å bli godkjent som Trafikksikker kommune betyr ikkje at det ikkje lenger vil skje trafikkulukker, men godkjenninga er eit kvalitetsstempel for godt, målbevisst og samordna arbeid med trafikktryggleik. Årdal kommune har gjennom godkjenninga blant anna vist at dei

  • har forankra ansvaret for trafikktryggleik hjå øvste politiske og administrative leiing
  • har eit godt system for å handsame søknadar om skyss på grunn av særleg farleg skuleveg
  • har eit utval som har ansvar for trafikktryggleik

Håpar prisen kan inspirere

Leiaren i trafikktryggingsutvalet håpar prisen kan vere til inspirasjon for andre kommunar.

– Eg håpar at godkjenninga av Årdal kommune som Trafikksikker kommune og tildelinga av årets trafikktryggingspris kan vere til inspirasjon for andre kommunar i arbeidet med trafikktrygging, sa DIstad.

I den fylkeskommunale handlingsplanen for trafikktrygging – som no er ute på høyring – er det eit mål om at minst ti kommunar skal bli godkjende som Trafikksikker kommune i løpet av 2021.

Heile grunngjevinga for trafikktryggingsprisen 2017.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
postmottak.sentraladm@sfj.no