www.eid.vgs.no

Tilskot til trafikktryggingstiltak

Trafikktryggingstiltak i kommunane

Midlane skal nyttast til tiltak langs kommunale eller fylkeskommunale vegar. Midlane skal i hovudsak nyttast til trafikktryggingstiltak i samband med skuleveg og i nærmiljøet der barn ferdast. I særskilde tilfelle kan midlane brukast til tiltak langs riksveg, dersom kommunane sjølv ønskjer det. For slike tiltak vert kommunen ansvarleg for drift og vedlikehald.

Fylkeskommunale trafikktryggingsmidlar

Ordninga gjeld tilskot til gjennomføring av tiltak/prosjekt som fremjar trafikktryggleiken i fylket. Midlane skal i utgangspunktet nyttast til tiltak innanfor

  • haldningsskapande arbeid
  • opplæring
  • informasjon

For å få tilskot til tiltak som arrangement og liknande, er det sett krav om at arrangementet må ha ei trafikal tilknyting innanfor hovudtiltaka ovanfor.

Målgruppene for ordninga

  • Kommunar
  • Skular
  • Lag og organisasjonar
  • Foreiningar
  • Institusjonar
  • Aksjonsgrupper

Nærare informasjon om ordninga finn ved å sjå på instruks for forvaltning av fylkeskommunale trafikktryggingsmidlar.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Johannes Tubbene
Statens vegvesen
johannes.tubbene@vegvesen.no
901 35 868

Relaterte lenker