Eid vidaregåande skule/Elev og føresett/Eksamen/Tilrettelegging på eksamen

Tilrettelegging på eksamen

Enkelte elevar treng å få lagt forholda til rette slik at dei kan få vist kompetansen sin. Døme på tilrettelegging kan vere lengre tid, kvilerom, få lest opp oppgåveteksten eller oppgåva på teiknspråk eller punktskrift. 

Korleis søkje om tilrettelegging?

  • Eleven eller foreldra må sende ein søknad til rektor. Rådgjevar ved skulen vil hjelpe med utforming av søknad.
  • Elevar kan få tilrettelagt eksamen sjølv om dei ikkje har vedtak om spesialundervisning.
  • Rektor kan vurdere om det er behov for ein uttalelse fra ein sakkyndig instans. 
  • Rektor avgjer om og korleis forholdene skal bli lagt til rette.

Tilrettelegginga må ikkje gå ut over kva som skal prøvast 

  • Tiltaka må vere tilpassa den enkelte elev og ha som formål å kompensere for problema eleven har.
  • Tiltaka skal ikkje føre til at eleven får fordelar framfor andre elever. 
  • Tilrettelegginga skal heller ikkje vere så omfattande at eleven ikkje blir prøvd i kompetansemåla i læreplanene.

Endre eksamensform fra skriftlig til muntlig

Les meir særskilt tilrettelegg av eksamen i Forskrift til opplæringslova §3-32

Tips ein ven Skriv ut