Tilrettelagt transport

Tilrettelagt transport (TT-ordninga) er eit tilbod om drosjetransport til personar som er varig forflyttingshemma på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming.

Det er ein intensjon om å prioritere personar med livslang forflyttingshemming.

TT-ordninga er i utgangspunktet eit tilbod om fritidsreiser, men kan nyttast til alle typar reiser med unntak av:

  • reiser som blir betalt av trygdekontor. Eigendel ved slike reiser skal transportbrukar betale sjølv på lik line med andre som reiser for trygda si rekning
  • reiser til og frå skule
  • andre reiser betalt av det offentlege

Utvida TT-ordning frå 2.halvår 2017

Dette er midlar frå Staten som skal gå til rullestolbrukarar og blinde/svaksynte. TT-ordninga er eit tilbod om fritidsreiser for denne gruppa.

Det er kommunen som godkjenner brukar og melder vidare til fylkeskommunen at denne brukar er rullestol- eller blind/svaksynt brukar. Brukar må få midlar lokalt for å få delta i den statlege ordninga.

Utvida TT-ordning har gult TT-kort med ei preging nede i høgre hjørnet som fortel kva kort det er. Det er ført på faktura adresse nedst på kortet.

2.halvår 2017 vil brukar i denne gruppa få to kort til TT, dagens kort som er blått og det nye gule kortet. Frå 2018 er det gult TT-kort som gjeld for denne gruppa, rullestolbrukarar og blinde/svaksynte.

Godkjenning av transportbrukarar

Kommunane godkjenner personar etter søknad på fastsett søknadsskjema.

Personar som er godkjende som TT-brukar i eit anna fylke, må søkje om ny brukargodkjenning ved flytting til Sogn og Fjordane.

Personar som er godkjende som TT-brukarar i Sogn og Fjordane, men som flyttar innad i fylket, treng ikkje å søkje på nytt. Brukaren må registrerast som brukar i sin nye heimkommune.

Kommunane blir oppmoda om å skipe ei godkjenningsnemnd for å avgjere søknader.

Kven vert ikkje omfatta av ordninga?

Funksjonshemminga skal være varig og må vare i minst eitt år for at søkjar skal kunne godkjennast. Graden av forflyttingshemming skal leggjast til grunn, ikkje type funksjonshemming eller alder.

TT-ordninga er ikkje meint å vere ei erstatning for eventuelt manglande busstilbod eller til dømes lang veg til haldeplass eller avsidesliggjande bustad.

Prioritering av søkjarar

Brukarane vert prioritert på følgjande måte, jamfør retningslinene:

Ikkje skjønnsmessig vurdering, førsteprioritet:

  • Rullestolbrukarar og blinde skal godkjennast utan omsyn til mottak av eventuell grunnstønad til transport/stønad til eigen bil frå folketrygda. 
  • Søkjar som er godkjend TT-brukar i anna fylke, men som flyttar til Sogn og Fjordane, og som oppfyller godkjenningsvilkår.

Skjønnsmessig vurdering/prioritering:

  • Søkjar med varig livslang forflyttingshemming skal prioriterast.
  • Søkjar (ikkje rullestolbrukar, blind, jfr.2.3 .1) som mottek grunnstønad til transport/stønad til eigen bil frå folketrygda, kan prioriterast etter søkjar utan slik stønad.
  • Søkjar med varig forflyttingshemming, men mest knytt til visse delar av året, kan prioriterast etter søkjar med konstant varig forflyttingshemming.

Verdikort

Bebuarar på institusjonar kan få individuelle verdikort dersom dei tilfredstiller krava til TT-kort. Det elektroniske kortet vert oppdatert automatisk når brukarane viser det fram ved reise.

Reisene skal primært skje i bustadkommunen til brukaren, men kan også finne stad i landet elles. Blir reisa bestilt hjå transportør utanfor Sogn og Fjordane, må den reisande forsikre seg om at transportøren aksepterer verdikort frå Sogn og Fjordane som betalingsmiddel.

I tilfelle der kortet ikkje kan brukast, må den reisande betale turen sjølv og få beløpet tilbakebetalt av heimkommunen/TTS. Det same skjer om kortet ikkje verkar i eigen kommune.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Monica Åsnes
Førstekonsulent
monica.asnes@sfj.no
952 07 751

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
postmottak.sentraladm@sfj.no

Dokument