www.eid.vgs.no

Tidlegare prosjekt

Her finn du informasjon om prosjekt som Sogn og Fjordane fylkeskomme har vore involvert i tidlegare. Prosjekta er enten avslutta eller held fram utan fylkeskommunen som aktiv samarbeidspartnar.

Ungdomsblogg (2015)

Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennomførte i 2015 prosjektet «Mine meiningar på mitt språk». Ti deltakarar vart valde ut til å delta på kurshelg og få eit bloggstipend på kr 5000. Ein måtte vere mellom 15 og 27 år og bu i Sogn og Fjordane for å søke. Ungdomspolitisk utval og kulturavdelinga i fylkeskommunen valde ut deltakarane på bakgrunn av søknadar og i tråd med eit sett kriterier.

Målet med prosjektet var å inspirere fleire unge bloggarar i fylket til å skrive på nynorsk. Mange unge nynorskbrukarar endrar målform og skriv bokmål på nettet. Men nynorsk er eit språk for alle samfunnsområde, og fylkeskommunen vil støtte og motivere dei unge nynorskbrukarane som ønskjer å bruke sitt eige språk. 

Dei ti ungdomane publiserte tre blogginnlegg kvar på sfj.no/kulturblogg i perioden oktober 2015 til januar 2016. Les meir om prosjektet på sfj.no/ungdomsblogg

Kultur for samfunnsutvikling (2012-2014)

Kultur for samfunnsutvikling (Cultural planning) er ein systematisk måte å sette kultur på dagsorden i samfunnsutvikling og planlegging.

Sogn og Fjordane fylkeskommune og Norsk kulturforum (NOKU) har samla erfaring gjennom eit pilotprosjekt i Sogn og Fjordane. Prosjektet har henta kunnskap og idear frå tilsvarande prosjekt i Sverige, Finland og England. Pilotprosjektet vart gjennomført i fire kommunar i Sogn og Fjordane i 2012 – 2014.

NOKU har no utarbeidd ein rapport frå arbeidet. Den kan du lese her (pdf). 

Hovudaktivtetar i pilotprosjektet.

Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane (2013)

I 2013 feira vi at det var 100 år sidan norske kvinner fekk sin fulle og heile stemmerett. Kampen fram til dette var lang og seig, og kvinnehistoria er prega av sterke kvinner og menn både før og etter 1913. 

I prosjektet "Kvinnestemer frå Sogn og Fjordane" samarbeida kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune med Fylkesarkivet og Musea i Sogn og Fjordane om ei utstilling og ein nettressurs. Her kan ein finne kvinneportrett, bakgrunnsinformasjon, bilete og kjelder som kastar lys over kvinneliv i Sogn og Fjordane. Kvinnene som vert presentert varierer i tidsepoke frå Sta. Sunniva som levde i Selje på 900-talet til 16-åringen Hilde Horpen frå Årdal. I tillegg til ei kvinne frå kvar kommune i fylket presenterte prosjektet også kvinner i eldre historie, kvinner med politisk makt før og no, samt informasjon om store hendingar på vegen til ålmen stemmerett. 

Les meir på prosjektet si heimeside: kvinnestemmer.net

THING-prosjektet (2009-2012)

Sogn og Fjordane fylkeskommune leia THING-prosjektet frå 2009 til 2012. Tusenårsstaden Gulatinget var den norske deltakaren

THING-prosjektet var basert på tingstadane, samlingstadar spreidde rundt om i nordvesteuropa som eit resultat av vikingferdene og norrøn busetnad. Målet for prosjektet var å utveksle kunnskap, spesifisere, utvikle og teste nye og forbetra tenester for berekraftig forvaltning og næringsutvikling av dei nordeuropeiske tingstadane. Den felles heimesida thingsites.com var eit resultat av dette samarbeidet. 

Meir informasjon om prosjektet og om arbeid med tingstader finn du på prosjektsida thingproject.eu

Coast Alive (2011-2013)

Coast Alive var eit prosjekt med mål om å utvikle strategiar og framgangsmåtar for å få fleire til å bruke lokale stiar og utandørsfasilitetar til rekreasjon og trening. Prosjektet vart avslutta i 2013.

Sogn og Fjordane fylkeskommune var ein av 14 hovudpartnarar frå heile nordsjøområdet som deltok i Coast Alive-prosjektet. Målet med prosjektet var å utvikle strategiar for å få fleire til å bruke lokale stiar og utandørsfasilitetar til rekreasjon og trening. På same tid var det eit viktig mål i prosjektet å ta vare på kultur- og naturarven. Prosjektet bygde på Nave Nortrail (Nordsjøløypa) og North Sea Cyckle Route (Nordsjøsykkelruta), to tidlegare EU- finansierte prosjekt som utvikla 12000 km med stiar i områda rundt Nordsjøen. No var målet å ta desse stiane i bruk, heile året og så ofte som mogeleg.

Samarbeid med relevante organisasjonar og små og mellomstore bedrifter ved løypene for å utvikle fasilitetar, å skape eit godt omdøme og å finne fram til måtar å få nye brukarar i alle aldrar til løypene stod sentralt. Prosjektet hadde også fokus på småskala næringsutvikling i Nordsjøregionen, basert på natur og kulturarv.

Forsommaren 2010 vart dei første Coast Alive- myntane plasserte i "geocachar" i områda rundt nordsjøen, også her i fylket. Geocahing er ei høgteknologisk skattejakt der ein brukar GPS for å finne geocachar som er gjøymde ute i naturen, og Coast Alive har 1000 myntar som etterkvart vert plassert ut. For å lære meir om geocaching og for å starte jakta på Coast Alive- myntane som er gjøymde i Sogn og Fjordane gå til www.geocaching.com. Geocaching.com er også på Facebook.

La deg inspirere til å ta ein tur ut i den vakre vestlandsnaturen og vert med på ei virituell vandring i HAFS- kommunane. Sjå filmen her.

Sjå også video frå Nordsjøløypa ved Korssund i Fjaler, her.

Europeana Local (2008-2011)

- tilgang til dei kulturelle samlingane i Europa

Sogn og Fjordane fylkeskommune ved Fylkesarkivet og ABM-utvikling er ein av tre norske partnarar i EU-prosjektet EuropeanaLocal. Prosjektet, som har 32 partnarar i 27 land, skal sikre at data frå lokale og regionale arkiv, bibliotek og museum vert tilgjengelege i Europeana.

Europeana.eu - Europas digitale arkiv, bibliotek og museum – er ein felles fleirspråkleg portal som gjev brukarane tilgang til kulturhistorisk materiale frå heile Europa. Portalen inneheld lenkjer til over 6 millioner objekt:

  • Bilete – maleri, teikningar, kart, fotografi og bilete av museumsobjekt

  • Tekstar – bøker, aviser, brev, dagbøker, og arkivdokument

  • Lyd – musikk og tale frå rullar, band, plater og radiosendingar

  • Levende bilete- filmar, filmaviser og TV-sendingar

Nokre av desse er kjende verda over, andre er skjulte skattar frå museum, galleri, arkiv, bibliotek og audiovisuelle samlingar frå heile Europa.

På Europeana sine nettsider kan du søkje etter nærast kva som helst innan kulturfeltet og få treff i bilete, tekst, video og lyd.

Ein kan også følgje Europeana på Facebook eller Twitter.

Nettbasert kultur- og kunnskapsformidling (2005-2007)

I mars 2005 peika Statens senter for arkiv, bibliotek og museum (ABM-utvikling) ut Sogn og Fjordane som prøveregion for nettbasert kultur- og kunnskapsformidling. Prosjektet vart avslutta ved årskiftet 2007/2008. Samla hadde prosjektet eit årleg budsjett på 2,9 millionar med fylkeskommunen og ABM-utvikling som dei største bidragsytarane. Prosjektleiar var Gunnar Urtegaard.

Last ned rapportane (PDF):

Rapportane kan brukast fritt, men kjelde må gjevast opp ved bruk. 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ingebjørg Erikstad
Ass. Fylkesdirektør
Næring og kultur
ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Relaterte lenker