www.eid.vgs.no

Illustrasjon: Kart over Stryn. Skisse til blågrøn fellesstruktur, naturdrag, allmenningar og kulturuttrykk.  Vatn rekna som ein natur og kulturverdi, resurs og naturkraft.  Skisse av Mona Elisabeth Steinsland, Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Illustrasjon: Kart over Stryn. Skisse til blågrøn fellesstruktur, naturdrag, allmenningar og kulturuttrykk. Vatn rekna som ein natur og kulturverdi, resurs og naturkraft. Skisse av Mona Elisabeth Steinsland, Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Tettstadutvikling og stadforming

Særpreg og eigenart styrka ut i frå landskap, klima og historie.

Kvar stad har karakter, uttrykt særpreg og eigenart skapt over tid ut i frå kollektiv forståing og bruk av felles natur- og kulturverdiar og naturgjevne føresetnader.

Sogn og Fjordane fylkeskommune ønskjer å inviterer til eit kollektivt prosjekt for å styrke stadleg særpreg og eigenart, og kompetanse knytt til tettstadutvikling.

Kommunane i Sogn og Fjordane kan kontakte fylkeskommunen for samarbeid, fagleg og økonomisk støtte til tettstadutvikling og stadforming, tilpassa kommunale plan –og utviklingsprosessar.

  • Arbeid og prosjekt som tek omsyn til menneske, aktivitet og samhandling.
  • Styrking av demokratisk medverknad.
  • Særskilt omsyn til bruk og vern av natur og kultur verdiar.
  • Sikre almen tilgang til felles verdiar og interessene til fellesskapet .
  • Utvikle og realisere miljøorienterte og berekraftige samfunnsstrukturar og uttrykk.
  • Skape fleksible og mangfaldige samfunnsstrukturar, arkitektur og landskapsarkitektur.

Arbeidet krev samarbeid, prosessar og løysingar tilpassa landskap, klima og historie, gjevne fysiske føresetnader og naturkrefter – særpreg og eigenart.

  • Presentere og drøfte eigne erfaringar for å styrke sjølvstendige val og stadlege løysingar i  høve ein større samanheng.
  • Styrke ei felles forståing og kompetanse om tettstadutvikling og stadforming.
  • Styrke involvering og fotfeste lokalt.
  • Drøfte og avklare tettstadarbeidet i ein større geografisk samanheng med ulike fagmiljø og fagpersonar.
  • Styrke erfaring og kompetanse om tettstadutvikling og stadforming med tverrfaglege arbeidslag – kompletterande fagmiljø og fagpersonar.

Målet er å styrke stadleg særpreg, sosial trivsel og tryggleik.

 

Alle kommunane i Sogn og Fjordane kan søkje fylkeskommunen om fagleg og økonomisk støtte til tettstadutvikling og/eller stadforming tilpassa kommunale plan –og utviklingsprosessar.

Styrke stadleg særpreg og eigenart ut i frå landskap, klima og historie. Skape differensierte sentrumsstrukturar, offentlege rom og passasjar. Skape nye og «ukjende» verdiar og uttrykk – komplementære felles strukturar, open og demokratisk arkitektur og landskapsarkitektur.

Ordninga skal bidra til å styrke kompetanse knytt til tettstadutvikling, sterkare involvering av lokalsamfunnet i planlegging og gjennomføring, samt fremje vekst og utvikling i folketal, kultur og næringsliv.

Kommunane kan få støtte til arbeid som styrker særpreg og eigenart og sikrar felles verdiar. Til å utvikle økologiske og berekraftige samfunnsstrukturar ut i frå natur –og kulturverdiar, og naturgjevne føresetnader. Tiltak med bakgrunn i analytisk kartlegging tilpassa stad (landskap, klima og historie) og føremål.

Fylkeskommunen kan støtte analysar og kartlegging, grunnlag for kommunedelplan, områderegulering og tiltak. Konkrete tiltak forankra i vedteken kommunal plan, til dømes til prosjektutvikling, prosjektering og opparbeiding av tiltak.

Sjå gjeldane retningsliner; Tilskot til tettstadforming. Utfyllande retningsliner frå 1.januar 2015.

Retningsliner

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Mona Elisabeth Steinsland
Sivilarkitekt
mona.steinsland@sfj.no
57 63 81 18

Relaterte lenker