Tettstadutvikling og stadforming

Alle kommunar i Sogn og Fjordane kan kontakte fylkeskommunen for samarbeid om tettstadutvikling og/eller stadforming tilpassa kommunale plan- og utviklingsprosessar.

Kvar stad har karakter og uttrykt særpreg skapt over tid, tufta på kollektiv forståing og bruk av felles natur og kulturverdiar. Vi ynskjer å invitere kommunane til eit kollektivt prosjekt for å styrke stadleg særpreg og karakter tufta på landskap, klima og historie. Fylkeskommunen vil bidra til

  • arbeid og prosjekt som tek omsyn til menneske, aktivitet og samhandling
  • å ta særskilt omsyn til bruk og vern av natur- og kulturverdiar
  • demokratisk medverknad
  • å sikre ålmenn tilgang til felles verdiar og interessene til fellesskapet
  • å utvikle og realisere miljøorienterte og berekraftige samfunnsstrukturar og uttrykk
  • å skape fleksible og mangfaldige strukturar, arkitektur og landskapsarkitektur

Ordninga skal vidare bidra til å styrke tverrfagleg samhandling og ny kunnskap, sterkare involvering av lokalsamfunnet i tettstadutvikling og stadforming, planlegging og gjennomføring. Målet er å styrke trivsel, tryggleik og fotfeste lokalt, samt å fremje vekst og utvikling i folketal, kultur- og næringsliv.

Fylkeskommunen kan støtte analysar og kartlegging, grunnlag for kommuneplan, områderegulering og tiltak. Vi kan også støtte konkrete tiltak som er forankra i vedteken kommunal plan, til dømes til prosjektutvikling, prosjektering og opparbeiding av tiltaket. I tillegg kan vi støtte symposium (opne tverrfaglege arrangement og møteplassar) for kunnskapsutvikling og utveksling.

Kontakt

Vi oppmodar kommunane til å kontakte fylkeskommunen ved sivilarkitekt Mona Steinsland eller plansjef Synnøve Stalheim for å kome i gang med arbeidet.

Retningsliner for tettstadutvikling Sogn og Fjordane

Vi ynskjer at kommunane utviklar prosjekta sine i nært samarbeid og forståing med fylkeskommunen. Med bakgrunn i dette samarbeidet kan dei søke om økonomisk støtte gjennom regionalforvaltning.no.

Søknadsfrist

Søknader vert handsama fortløpande gjennom året.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Mona Steinsland
sivilarkitekt
mona.steinsland@sfj.no
57 63 81 18

Synnøve Stalheim
plansjef
synnove.stalheim@sfj.no
478 97 260

Tip a friendTips ein ven