Eid vidaregåande skule
Bilde vider ei datamaskin med programmeringsspråk

Teknologicamp for jenter på NTNU

Kvart år held NTNU ein teknologicamp for jenter. I år var det Maria på vg2 som var der. 

Her er ein rapport frå Maria på korleis dagane var:

"Den 5. november vart vi tatt i mot på NTNU, og vi høyrde på interessante foredrag om ulike professorar som jobbar der. Den 6. og 7. november vart vi delt inn i ulike workshops. På mandagen programmerte eg i Python, medan på tirsdagen bygde eg mi eiga datamaskin. Etter workshop hadde vi fleire foredrag, blant anna med han som fann opp Kahoot. På kveldane hadde vi sosiale samkomstar der vi åt middag og vart bedre kjent med kvarandre"

Tips ein ven Skriv ut