www.eid.vgs.no

Elevar og lærar tip

Elevane får god veiledning

Teknikk og industriell produksjon

For elevar som vel mekaniske og elektromekaniske fag er vg1 i Teknikk og industriell produksjon felles. Her kan du lære om køyretøy eller helse, kjemiteknikk og produksjonsprosessar.

Teknikk og industriell produksjon (TIP) er eit yrkesfag, og Eid vidaregåande skule tilbyr slike kurs:

  • Vg1 Teknikk og industriell produksjon
  • Vg2 Industriteknologi
  • Vg2 Industriell møbelproduksjon (Landsdekkjande tilbod) 

Yrkesfagleg opplæring fører fram til eit yrke og gjev yrkeskompetanse med eller utan fag- eller sveinebrev. Du kan gå ut i yrkeslivet etter 3-5 år, eller du kan ta vidare utdanning, t.d. ved fagskule. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse om du vil studere vidare ved høgskule eller universitet.

Les meir om TIP og moglegheiter for yrkesvegar og vidare utdanning på

Praktisk opplæring

Eid vidargåande har eit breitt og godt samarbeid med bedrifter innan fagområdet og samarbeider tett med lokalt og reigonalt næringsliv, og nyttar bedriftsbesøk og yrkespraksis som ein viktig del av opplæringa og vidare yrkesrettleiing/karriereval.

Skulen legg vekt på elevane sin trivsel og medverknad i skulekvardagen. Ein stor del av undervisninga er praktisk retta og nytt og moderne teknisk utstyr vert nytta i undervisninga. Entreprenørskap og arbeid med ungdomsbedrifter er eit satsingsområde.

På Eid vgs jobbar du tett opp mot arrangement i Operahuset Nordfjord. TIP-elevane er blant anna med og lagar kulissar, byggjer scene, sveiser lampar og lagar møblar og interiør til operaforstillingar og musikalar.

Elevane jobbar etter teikningar frå profesjonelle scenografar, lydesignerar og rekvisitørar og må verkeleg utfordre seg sjølv for å nå mål. Møbelbransjen er stor i vår region, og vi samarbeider tett med næringslivet gjennom trearbeidsringen.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Utdanningsleiar 
Ove Lillestøl
415 30 811

Ove.Lillestol@sfj.no