Foto av eigar av Osland Havbruk, Erik Osland. Han held ein stor fisk i hendene, og står på eit oppdrettsanlegg.

Eigar av Osland Havbruk, Erik Osland, ser på moglegheita for å ta i bruk eit hydrogendrive fartøy som arbeidsbåt i framtida. Foto: Osland Havbruk

Tek tradisjonell næring inn i framtida

Osland Havbruk i Høyanger vil tenkje nytt når dei i framtida skal byte ut ein av arbeidsbåtane og vil sjå på moglegheita for å ta i brukt eit hydrogendrive fartøy.

Osland Havbruk er mellom dei eldste oppdrettsselskapa i landet. Saman med Høyanger Næringsutvikling, Greenstat og Maritim Foreining Sogn og Fjordane vil eigar Erik Osland tenkje nytt når han skal ta selskapet vidare inn i framtida. Drivstoffet – hydrogenet – vil han og nabobedrifta Osland Kraft sjølv produsere frå småkraftverket som ligg eit steinkast unna oppdrettsanlegget.

Hydrogendriven arbeidsbåt

Gjennom eit forprosjekt skal samarbeidspartane lage ei konseptskisse for ein hydrogendriven arbeidsbåt, som kan nyttast til ulike operasjonar i oppdrettsnæringa. Prosjektet har fått midlar frå støtteordninga fylkeskommunen har for utviklingsprosjekt knytt til hydrogenbaserte verdikjeder. Ordninga er oppretta ved hjelp av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

– Dette prosjektet er eit godt døme på korleis produksjon og bruk av hydrogen kan vere med på å skape verdiar lokalt i Sogn og Fjordane. Energien frå småkraftverket vert maksimalt utnytta når ein både kan levere straum til nettet og produsere hydrogen, oksygen og varme ved behov, seier Elisabet Kjerstad Bøe, som er fylkeskommunen sin prosjektleiar i Hydrogen Region Sogn og Fjordane.

God energiutnytting

For det er nemleg slik at elektrolyseprosessen, der ein nyttar elektrisitet frå kraftverket til å splitte vatn, ikkje berre har hydrogen som sluttprodukt, som kan nyttast som drivstoff i arbeidsbåten, men òg oksygen og varme. Dette er ressursar som har eigen verdi for oppdrettaren.

– Vi treng begge deler i settefiskanlegga våre. Vatnet må vere oksygenrikt og halde jamn temperatur for at fiskeyngelen skal ete godt og vekse. I dag kjøper vi oksygen som vert frakta hit til Høyanger på tankbilar. Vi håpar det vil vere god økonomi og ressursutnytting for oss dersom vi kan produsere dette lokalt, i tillegg til drivstoff til eigne båtar, seier Erik Osland.

Ny næring i Høyanger

I Høyanger kommune sin verdiskapingsplan er hydrogen som energiberar framheva som ei av fleire mulege satsingar i den tradisjonsrike industristaden. Kommunen har eit kraftoverskot som kan nyttast til å produsere «grønt» hydrogen, enten til eksport når det vert kostnadseffektivt å frakte over lengre avstandar, eller til lokal bruk der det er tenleg.

Terje Søreide i Høyanger Næringsutvikling meiner kommunen må følgje med på utviklinga og vere open for at eksisterande ressursar, kompetanse og kapital kan brukast på nye måtar i framtida.

– Det er svært positivt for Høyanger at dei etablerte bedriftene bidreg til ny knoppskyting på denne måten. Det grøne skiftet kan òg føregå innanfor dei tradisjonelle naturbaserte næringane, og her er Osland Havbruk i front på fleire område, seier han. 

Søker lokale samarbeidspartar

Hydrogendrift av arbeidsbåtar er ein spanande tanke som Osland Havbruk vil vere med å utvikle. Vi har valt å støtte eit forprosjekt som ser på løysingar for denne typen teknologi. Maritim Foreining i Sogn og Fjordane vil bidra med nettverk og koplingar inn mot skipsdesignarar og verftsindustrien i fylket. Målet må vere at slike båtar skal utviklast og byggast i Sogn og Fjordane.

– Den maritime næringa er klar til å ta utfordringa, seier Trond Strømgren i Maritim Foreining. Det føregår ei rivande utvikling innanfor miljøvenleg skipsfart, fiskeri og havbruk, både nasjonalt og internasjonalt. Bedrifter i fylket har alle mulegheiter til å ta ein posisjon her, gjerne enkeltvis, men med langt større sjanse til å lukkast gjennom samarbeid på tvers av verdikjedene.

Terje Søreide og Erik Osland seier seg einige i det.

– Ny teknologi, næringsutvikling som kan skape nye spanande arbeidsplassar er noko av det kjekkaste vi kan vere med på . Naturressursane legg til rette for lokal verdiskaping, og vi har kompetanse og satsingsvilje. Dersom vi får ein «match» hjå det rette miljøet i fylket, som kan bidra til utvikling av arbeidsbåten, vil det vere positivt for oss, avsluttar dei.

For meir informasjon

Elisabet Kjerstad Bøe
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Elisabet.Kjerstad.Boe@sfj.no
915 91 548

Terje Søreide
Høyanger Næringsutvikling
terje@hnu.no
95198451

Trond Strømgren
Maritim Foreining Sogn og Fjordane
trond@maritimsfj.no
402 98 729

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00